Djamila Bouhired
Djamila Bouhired (fødd cirka 1935) er ein algerisk nasjonalist, kvinneaktivist og tidlegare medlem av den algeriske nasjonale frigjeringshæren.
Djamila Bouhired | |
Fødenamn | arabisk جميلة بوحيرد |
Statsborgarskap | Algerie |
Fødd | juni 1935 Alger, Algers kasbah |
Yrke | politisk aktivist, fridomskjempar |
Språk | arabisk, fransk |
Politisk parti | Front de libération nationale |
Religion | Islam |
Ektefelle | Jacques Vergès |
Djamila Bouhired på Commons |
Liv og virke
endreBouhired blei fødd inn i ein middelklassefamilie. Faren hennar var algerisk og mora hennar tunisisk, og ho var den einaste dottera blant sju søner. 20 år gammal blei ho engasjert i den algeriske frigjeringsrørsla Front de libération nationale (FLN) og den væpna fløya i rørsla, Armée de libération nationale (ALN), som kjempa mot det franske koloniregimet.
Den algeriske frigjeringskrigen
endreFrå 1954 arbeidde Bouhired som kontaktperson og personleg assistent for FLN-kommandøren Yacef Saadi. Brørne hennar var også engasjert i frigjeringskampen.[1]
Bouhired blei eit ikon for den algeriske frigjeringskampen etter at ho blei kjend for å ha planta bomber langs vegane dei franske okkupasjonsstyrkane brukte.
Rettssak og dom
endreI 1957 blei Bouhired tiltalt og dømd til døden for å ha planta bomber i franske restaurantar rundt den algeriske hovudstaden Alger. Rettssaka fekk mykje publisitet, og Bouhired blei ein cause célèbre. Ein internasjonal kampanje resulterte i at dommen blei gjord om til livsvarig fengsel.[1] Det var under denne rettssaka at den franske stjerneadvokaten Jacques Vergès utvikla sitt «defense de la rupture», å forsvare gjennom å angripe eit urettferdig lovverk og setje påtalemakta på tiltalebenken.[2] Vergès var sjølv innbiten motstandar av den franske kolonialismen, konverterte til islam og blei algerisk statsborgar.
Tida etter Algeriekrigen
endreEtter at Algeriekrigen blei avslutta i 1962 blei Bouhired lauslaten. Bouhired og Vergès gifta seg i 1965 og fekk to barn saman. Dei blei skilt i 1970.
Bouhired har seinare markert seg som kvinnesaksforkjempar i heile den arabiske verda.
Våren 2019 spelte Bouhired ei aktiv rolle i demonstrasjonane som kravde at Abdelaziz Bouteflika skulle gå av som president i Algerie. Det vekte særleg oppsikt at ein av dei tidlegare allierte til Bouteflika frå FNL gjekk inn for å kaste den aldrande presidenten.[3][4]
I kulturen
endreDjamila Bouhired blei skildra i filmen Jamila, the Algerian (1958) av den egyptiske regissøren Youssef Chahine.[5] Ho var ein av tre kvinnelege geriljakrigarar som blei skildra i filmen Kampen om Algerie (1966)[6]. Ho spelar også ei sentral rolle i dokumentarfilmen Djevelens advokat (2007) om Jacques Vergès.[7]
I 1959 skreiv den libanesiske songaren Fairuz låta «Lettre à Djamila» om Bouhired.[1]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Al-Wahaidy, Fatima (19. februar 2018). «Bouhired, the woman who sang “Algeria is our Mother” in French Schools». Henta 6. mars 2019.
- ↑ «Djevelens advokat - Jacques Verges (1925–2013) er død». 23. august 2013.
- ↑ Kennedy, Dana (7. mars 2019). «Djamila Bouhired, the 83-Year-Old Woman Revolutionary Leading Algeria’s New Uprising». Henta 7. mars 2019.
- ↑ Rouaba, Ahmed (1. mars 2019). «Algeria protests: The beginning of the end?». Henta 7. mars 2019.
- ↑ Movie Database: Djamila (1958)
- ↑ Movie Database: Kampen om Algerie (1966)
- ↑ Movie Database: L'avocat de la terreur (2007)
- Denne artikkelen bygger på «Djamila Bouhired» frå Wikipedia på bokmål, den 30. mars 2024.