Djavolski most
Djavolski most er ei bogebru over elva Arda i Bulgaria. Ho ligg 10 km frå den bulgarske byen Ardino i Rodopifjella, og er ein del av eldgamal veg som knyter saman låglandet i Thrakia med den nordlege kysten av Egearhavet.
bulgarsk Дяволски мост, «Djevelens bru»; tyrkisk Şeytan Köprüsü | |||
| |||
Type | bogebru | ||
---|---|---|---|
Stad | Nær Ardino i Bulgaria | ||
Opna | 1518 | ||
Lengd | 56 meter | ||
Høgd | 11,5 meter | ||
Fri høgd | 11,5 m | ||
Største spenn | 13 m | ||
Breidd | 3,5 m | ||
Kryssar | Arda | ||
Materiale | stein | ||
Utforming | Bogebru | ||
Transporterer | Fotgjengarar | ||
Djavolski most 41°37′14″N 25°06′51″E / 41.620616°N 25.11421°E |
Ein er ikkje sikker på når Djavolski most vart bygd, og forskjellige kjelder seier alt frå 1300-talet til tidleg på 1600-talet. Brua er den største og mest kjende av sitt slag i Rodopifjella, er 56 meter lang og har tre bogar. Ho har òg fleire små hol i dei små bogane slik at ein kan lese av vassnivået i elva. Djavolski most er 3,5 meter brei, og hovudbogen er 11,5 meter høg.
Brua vart erklært eit kulturminne 24. februar 1984.
Bilete
endreKjelder
endre- Journey.bg. Djavolski most
- Glavatarski han.com Djavolski most Arkivert 2011-07-11 ved Wayback Machine.
- Denne artikkelen bygger på «Dyavolski most (bridge)» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mars 2007.