Djembe er ei vestafrikansk tromme, eit musikkinstrument innanfor perkusjonsinstrumentsfamilien.

Djembe

Klassifiseringmembranofon, tromme
Hornbostel-Sachs klassifisering211.261.1
Døme

Trommene har typisk ein diameter på 30–38 cm (og ei høgd på 58–63 cm. Dei kan vega frå 5 kg til 13 kg. Kroppen er laga av tre og skinnet er gjerne av geit med håra skrapa av. Kroppen består av to hovudformer, der den øvste delen er større enn den nedste.

Ein kan spela på instrumentet sitjande på ein stol eller liknande, eller ved å sitja overskrevs med tromma liggande på bakken og skinnet peikande framover. Ein speler berre med hendene og nyttar i hovudsak tre forskjellige slag:

  • Med flat hand på midten av skinnet (kalla «gung»).
  • Med dei to ytste ledda på fingrane med fingrane samla mot den ytste delen av skinnet (handflata treff kanten på tromma der tromma er nærast den som speler, kalla «gå»/«då»).
  • Med ringe- og langfinger som blir slått/«kasta» sideveges mot kanten av tromma på høgre eller venstre side (opne fingrar bortsett frå ring- og langfinger som blir haldne saman, slaget treff tromma med den sida av ringfingeren som vender mot lillefingeren, kalla «pa»/«ta»).

Djembe har ein uvanleg sterk lyd i høve til storleiken. Lydstyrken aukar når ein strammar trommeskinnet. Dyktige spelarar kan oppnå lydstyrke på over 105 dB, omtrent same volum som eit trykkluftsbor.[1]

Tradisjonelt blir tromma spelt av menn, og det same gjeld dunun-trommer som gjerne blir brukt til å akkompagnera djembe. Kvinner speler derimot gjerne på ryteminstrument som shekere (kalebass med perlenett), karignan (røyrbjølle) og kese kese (voven korgrangle) som del av ensemble.[2][3]

Galleri endre

Kjelder endre

  1. Prak, Albert (July 1997). «Physics of Djembe Sounds». FAQ. DJEMBE-L. Arkivert frå originalen 5. mars 2016. Henta 12. januar 2012. 
  2. Flaig, Vera (2010). The Politics of Representation and Transmission in the Globalization of Guinea's Djembé (PDF) (Ph.D. thesis). University of Michigan. Arkivert frå originalen (PDF) April 28, 2014. Henta January 15, 2012. 
  3. Berliner, David (November 2005). «An 'Impossible' Transmission: Youth Religious Memories in Guinea-Conakry». American Ethnologist 32 (4): 576–592. doi:10.1525/ae.2005.32.4.576. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Djembe