Djupevåg Båtbyggeri
Djupevåg Båtbyggeri AS var ei verksemd som bygde og utførte vedlikehald av trebåtar og andre store trekonstruksjonar og som held til i Norheimsund i Hardanger. Verksemda vart eigd og drive av Djupevåg-familien.
Selskapet vart skipa av Lars Djupevåg i 1947. Produksjonen bestod dei første åra av opne klinkbygde båtar. Hovudproduktet var i meir enn 20 år Colin Archer seglskøyter. Båtbyggjeriet har mellom anna utført jammleg vedlikehald av Kongeskipet og har også levert nye livbåtar og lettbåtar til det.[1] På 2000-talet vart Djupevåg Båtbyggeri særleg kjent for å ha levert interiøret til storsalen i operaen i Oslo[2] og Tverrfjellhytta på Dovre.[3]
I november 2011 gjekk Djupevåg båtbyggeri AS konkurs.
Kjelder
endre- ↑ http://www.bt.no/nyheter/lokalt/Kongeskip-p-vrtur-1921394.html[daud lenkje] Bt.no om ei vitjing Kongeskipet hadde ved Djupevåg.
- ↑ http://www.leverandorutvikling.no/gjennomfoerte-pilotprosjekter/baatbygger-laget-operalyd-article56-599.html Arkivert 2012-07-26 ved Wayback Machine. leverandorutvikling.no: Båtbygger lager operalyd.
- ↑ http://www.bt.no/bolig/Et-lite-stykke-Hardanger-2607962.html Arkivert 2011-11-16 ved Wayback Machine. bt.no: Eit lite stykke Hardanger