Dmitrov (russisk Дмитров) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 60 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Jakhroma, om lag 65 km nord for Moskva.

Dmitrov
Дмитров
Horisonten til Dmitrov
Horisonten til Dmitrov
Flagget til Dmitrov Byåpenet til Dmitrov
Flagget til Dmitrov Byvåpenet til Dmitrov


Plassering
Dmitrov is located in Russland
Dmitrov is located in Moskva oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Moskva oblast
Grunnlagd
Bystatus
1154
1781
Geografi
Flatevidd
 - By

26 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

62 329
  2 397,3 /km²
Koordinatar 56°21′00″N 37°32′00″EKoordinatar: 56°21′00″N 37°32′00″E
Høgd over havet 160 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 141801, 141802
Retningsnummer (tlf) (+7)49622
Nettstad: www.dmitrov-reg.ru

Historie endre

 
Boris og Gleb-katedralen vart bygt før 1537.

Dmitrov vart grunnlagt i 1154 av fyrst Jurij Dolgorukij, langt inne i skogane nord for Moskva, på staden der son hans Vsevolod vart fødd. Bynamnet kjem frå Vsevolod sin vernehelgen, Demetrius av Thessaloniki.

På 1200-talet markerte byen staden der grensene til fyrstedøma Moskva, Tver og Pereslavl-Zalesskij møter kvarandre. Dmitrov sjølv høyrte til fyrstane av Galitsj-Merskij, som låg mykje lengre nord. I 1364 vart byen innlemma i Storfyrstedømet Moskva. Både Dmitrij Donskoj og sonesonen hans Vasilij II tildelte Dmitrov som ein apanasje til sine yngre søner, slik at byen tidvis var eit sjølvstendig lite fyrstedøme under desse storfyrste-sønene.

Under Ivan III sin son Jurij Ivanovitsj (1503–1533) starta «gullalderen» til Dmitrov. Det var under hans styre at den svartkupla Maria Himmelfart-katedralen i kreml og den mindre klosterkatedralen Boris og Gleb vart bygt. Byen hamna så under bror til Jurij, Andrej av Staritsa. I 1569 vart han fråteken Vladimir av Staritsa og lagt under opritsjnina og gjekk etter dette inn i ein periode med tilbakegang. Byen vart ytterlegare råka under problemtida, då han vart plyndra av polakkane.

Dmitrov fekk byrettar i 1781 og byen har frå slutten av 1700-talet vore ein industriby. Napoleon sine tropper var ei kort stund i byen i 1812, men trekte seg ut då russiske styrkar var på veg. Etter bygginga av jernbanen frå Moskva til Kimry på byrjinga av 1900-talet vart byen langt viktigare. 29. november 1941 vart tyske styrkar stogga sør for byen og dei klarte aldri å erobra han. Anarkistfyrsten Peter Kropotkin var sine siste år i byen.

I 2005 vann Dmitrov førsteplassen i klassen for byar under 100 000 innbyggjarar i ein landsomfattande konkurranse for å kåre den mest veldrivne byen i Russland.

Attraksjonar endre

Dmitrov har sin eigen Kreml, som på 1930-talet vart grave ut av sovjetiske arkeologar. I kreml ligg mellom anna Maria himmelfart-katedralen (bygt 1509 - 33). I Dmitrov finst òg tre kloster; Boris og Gleb-klosteret (kjent frå 1472), St. Nikolai-klosteret og Jomfrufødsel-klosteret. Alle tre vart bygt på 1500-talet

Om vinteren vert det store utforma store isskulpturar i sentrum.

Transport endre

Dmitrov ligg ved Moskva-kanalen og har jernbanesamband sørover til Moskva, austover til Sergijev Posad og nordover til fleire andre byar, som Dubna, Kimry og Uglitsj.

Høgare utdanning endre

  • Fakultet av Moskva statlege tekniske universitet, MAMI
  • Dmitrov-filialen av Det statlege tekniske universitetet Astrakhan

Kjente personar frå Dmitrov endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre