Do You Believe in Miracles

Do You Believe in Miracles
Singel av Slade
frå albumet Crackers – The Christmas Party Album
B-side

My Oh My (Swing version)

Utgjeve 22. november 1985[1]
Sjanger Poprock
Lengd 4:11
Selskap RCA
Låtskrivar(ar)
Produsent
Slade-kronologi 
«Little Sheila»
(1985)
Do You Believe in Miracles «Still the Same»
(1987)


«Do You Believe in Miracles» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1985 som ein singel i samband med samleplata Crackers: The Christmas Party Album.[2] Han var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av John Punter. Han nådde 54. plassen på den britiske singellista og låg inne på lista i seks veker.[3]

«Do You Believe in Miracles» var inspirert av Bob Geldof og den veldedige konserten Live Aid, som Slade ikkje vart invitert til å spele på. Teksten omhandlar tankane til Holder kring det Geldof fekk til med Live Aid.[4]

B-sida til singelen var «My Oh My (Swing Version)», som var eksklusiv for singelen og som seinare kom ut på samlealbumet B-Sides. På 12"-singelen var det ein lengre versjon av «Do You Believe in Miracles» på A-sida og ei andre B-side, «Time to Rock», henta frå albumet Rogues Gallery.[5][6]

Det vart filma ein musikkvideo til songen, regissert av Phillip Davey.

Format endre

7"-singel
  1. «Do You Believe in Miracles» - 4:11
  2. «My Oh My (Swing Version)» - 3:02
7"-singel (australsk utgåve)
  1. «Do You Believe in Miracles» - 4:11
  2. «Time to Rock» - 4:08
7"-singel (ecuadoriansk promoutgåve)
  1. «Do You Believe in Miracles» - 4:11
  2. «My Oh My (Swing Version)» - 3:02
7" britisk juleutgåve
  1. «Do You Believe in Miracles» - 4:11
  2. «My Oh My (Swing Version)» - 3:02
  3. «Santa Claus Is Coming to Town» - 2:39
  4. «Auld Lang Syne/You'll Never Walk Alone» - 3:28
12"-singel
  1. «Do You Believe in Miracles (Extended Version)» - 6:12
  2. «My Oh My (Swing Version)» - 3:02
  3. «Time to Rock» - 4:08
12" britisk juleutgåve
  1. «Do You Believe in Miracles» - 4:11
  2. «My Oh My (Swing Version)» - 3:02
  3. «Time to Rock» - 4:08
  4. «Santa Claus Is Coming to Town» - 2:39
  5. «Auld Lang Syne/You'll Never Walk Alone» - 3:28

Salslister endre

Liste (1985) Plassering
UK Singles Chart[3] 54

Medverkande endre

Slade
  • Noddy Holder - solovokal
  • Jim Lea - bass, synthesiser, korvokal, produsent på «Time to Rock», «Santa Claus is Coming to Town» og «Auld Lang Syne/You'll Never Walk Alone», arrangør
  • Dave Hill - sologitar, korvokal
  • Don Powell - trommer
Andre medverkande
  • John Punter - produsent på «Do You Believe in Miracles»
  • Monty Babson - produsent på «My Oh My (Swing Version)»
  • Stan Butcher - arrangør på «My Oh My (Swing Version)»
  • The Clinic - design, illustrasjon

Kjelder endre

  1. «Slade - Do You Believe In Miracles / My Oh My (Swing Version) - RCA - UK - PB 40449». 45cat. 22. november 1985. Henta 18. oktober 2021. 
  2. «Slade - Do You Believe In Miracles (Vinyl) at Discogs». Discogs.com. Henta 14. oktober 2021. 
  3. 3,0 3,1 «slade | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 18. oktober 2021. 
  4. CD-heftet til Rogues Gallery - 2007 Salvo
  5. «ALL Diskografi @ www.collectadisc.co.uk». Collectadisc.co.uk. Henta 18. oktober 2021. 
  6. «Slade - Do You Believe In Miracles at Discogs». Discogs.com. Henta 18. oktober 2021.