Jim Lea

James Whild «Jim» Lea (fødd 14. juni 1949) er ein engelsk musikar, mest kjend for å spele bassgitar, tangentinstrument, fiolin, gitar i Slade. Lea skreiv dei fleste songane til Slade i lag med frontmannen Noddy Holder. Lea skreiv hovudsakleg melodiane, medan Holder skreiv tekstane.

Jim Lea
Slade - TopPop 1974 3 (cropped).png
Fødd14. juni 1949 (73 år)
Wolverhampton i Staffordshire i England
FødestadWolverhampton
FødenamnJames Whild Lea
AliasChina Dolls, The Clout, Gang of Angels, Greenfields Of Tong, Bull, Whild
OpphavStorbritannia
Aktiv1966 til i dag
SjangerRock
InstrumentBassgitar, tangentinstrument, fiolin, gitar, vokal
Tilknytte artistarSlade
PlateselskapPolydor Records, RCA, Columbia Records
Verka somMusikar, låtskrivar, plateprodusent

I 1980-åra var Lea òg produsent for dei fleste innspelingane til Slade.

Lea forlet Slade etter at Holder forlet bandet i 1991 og meinte at Slade var alle fire av dei eller ingentingn.

I 2007 gav Lea ut det første soloalbumet sitt, Therapy, som er tilgjengeleg frå nettsida hans.[1]

KjelderEndra

  1. «Jimleamusic.com». Jimleamusic.com. Henta 15. juli 2011.