Rogues Gallery
Studioalbum av Slade
Språk engelsk
Utgjeve 29. mars 1985
Innspelt Angel Recording Studios, Portland Studios, RAK Studios and Utopia Studios, London, UK
Sjanger
Lengd 43:29
Selskap RCA (Europe), CBS Associated (USA)
Produsent John Punter, Jim Lea
Slade-kronologi 
Slade's Greats
(1984)
Rogues Gallery Crackers - The Christmas Party Album
(1985)


Singlar frå Rogues Gallery
  1. «All Join Hands»
    Utgjeve: 5. november 1984
  2. «7 Year Bitch»
    Utgjeve: 14. januar 1985
  3. «Myzsterious Mizster Jones»
    Utgjeve: 11. mars 1985
  4. «Little Sheila»
    Utgjeve: Mai 1985

Rogues Gallery er det tolvte studioalbumet til den britiske rockegruppa Slade. Det kom ut på RCA den 29. mars 1985 og nådde 60. plassen på den britiske albumlista.[1] Albumet vart stort sett produsert av John Punter, men bassisten Jim Lea produserte «Harmony», «I Win, You Lose» og «Time to Rock».[2] Bandet hadde som mål å skape eit album med radiovennlege og potensielle hitsinglar, som kunne bli gjevne ut som singlar kvar som helst i verda.[3]

Den amerikanske versjonen av albumet, som kom ut på CBS, erstatta «All Join Hands» med den britiske hitten «Lock Up Your Daughters» frå 1981 (som opphavleg kom ut på albumet Till Deaf Do Us Part).[4]

Bakgrunn endre

Etter gjennombrotet til bandet i 1984 i Amerika med Topp 40-singlane «Run Runaway» og «My Oh My», skulle bandet dra på turné det året med Ozzy Osbourne i seks veker. Før turneen spelte bandet nokre oppvarmingsshow. Den første kvelden av turen med Osbourne måtte Slade likevel avbryta resten av konsertane då Lea kollapsa etter den første konserten og fekk diagnosen hepatitt. Dette skjedde samstundes med at ekteskapet til songaren Noddy Holder tok slutt, og bandet vart samde om å slutta å turnera for å gje Holder ein pause. I mellomtida ville bandet fortsetja å spele inn musikk i studio.[5]

Bandet var framleis på kontrakt med RCA RecordsRCA, og sette seg for å spela inn det tolvte studioalbumet sitt seinare i 1984. Etter suksessen med «Run Runaway» og «My Oh My» vart produsenten John Punter tilsett for å produsera det meste av albumet. Hovudsingelen «All Join Hands» vart gjeven ut i november 1984 og nådde 15. plassen i Storbritannia.[1] Den følgjande singelen, «7 Year Bitch», kom ut i januar 1985 og nådde berre 60. plassen etter at tittelen på songen fekk han til å bli møtt med motstand på radio.[1][5] Den tredje singelen «Myzsterious Mizster Jones» kom ut i mars og nådde 50. plassen. Same månad vart Rogues Gallery gjeven ut og nådde 60. plassen på den britiske albumlista og 132. plassen i USA.[1][6] I Amerika og visse europeiske territorium vart «Little Sheila» gjeven ut som singel i april. Han nådde 86. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100 og 13. plassen på Mainstream Rock-lista.[7][8] Albumet var ein større suksess i ei rekkje europeiske territorium.[5]

Lea sa i eit intervju med Kerrang! kort tid før albumet kom ut: «Eg trur denne plata har ein meir avrunda kvalitet enn noko me har gjort før. Til dømes har me faktisk gått inn og spelt demoar av det nye materialet før me spelte inn skikkeleg. Albumet er framleis tungt, mykje gitar, fem og seks minutt lange nummer, men alt høyrest mykje meir stemningsfullt ut, noko som betyr at det er mange potensielle singlar på albumet. Det er ingen lange soloar, men det er nokre flotte gitarparti, heite og raske soloar.»[9]

I eit fanklubbintervju frå 1986 sa gitaristen Dave Hill om albumet: «Eg synest personleg det mangla noko. Eg meiner det var ei godt klingande plate, men kanskje ho hadde litt for mykje kvalitet. Eg trur plata mangla ei viss mengde sjel, eller kanskje guts. Eg trur at kanskje for mange av songane på Rogues Gallery høyrdest ut som pophittar, så albumet byrja å lena seg for mykje i retning av å bli eit slags popalbum, og det er ikkje noko verre enn det for meg.»[10]

I eit fanklubbintervju frå 1990 sa Holder om innspelingsprosessen og resultatet frå albumet: «Det vart litt av ei saga, det tok mykje tid og til slutt viste det seg å vera eit flott album, sjølv om eg føler at det var noko som mangla - noko av Slade-varemerket mangla.»[11]

Innspeling endre

Albumet vart spelt inn i Angel Recording Studios, Portland Studios, RAK Studios og Utopia Studios. Det vart miksa i Air Studios og The Workhouse. Før albumet kom ut var arbeidstittelen Partners in Crime, og det originale plateomslaget vart designa med denne tittelen.[12]

Hausten 1984 og våren 1985 vart det kunngjort ein full Europaturné og billettar vart lagt ut for sal. Likevel hadde bandet faktisk ikkje stadfesta at dei skulle turnera, og det var heller ikkje signert nokre kontraktar. På grunn av haldninga Holder hadde til å turnere, vart han snart avlyst. Hadde turnéen i 1985 vorte noko av, hadde Lea vurdert å legga til ein klaverspelar på scenen.[13][14]

Noddy Holder snakka om turneen i eit fanklubbintervju frå 1986: «Sjølv om det var praktisk talt meg som avlyste det av personlege årsaker - vart turneen aldri stadfesta. Agenten og promotoren byrja å promotere han og selja billettane, og me hadde ikkje ein gong bekrefta at me skulle gjera turneen. Billettane hadde allereie vore i sal i to månader, og ingen gadd å fortelja oss det!»[15]

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [16]
Deseret News     [17]
Get Ready To Rock!     [18]
Record Mirror     [19]
Record-JournalB[20]
Sounds     [21]

Sounds skreiv at albumet var samansett av «kraftig pop av høg kvalitet, strålande knaggar, allsongvennlege, ultra-fengende songar og antemiske, salmeaktige balladar».[21] I Amerika var meldingane generelt sett òg positive. Billboard tilrådde albumet og skreiv: «Moderne, muskuløs og metallisk, Slade kan stå på eigne bein på den noverande hardrock-scena.»[22]Deseret News uttalte: «Slade er innbegrepet av eit rockeband: fengjande melodiar, smittande rytmar og dei mest underhaldande tekstane i dagens musikk. Rogues Gallery er eit av dei finaste døma på rabblande rock 'n' roll som har komme på mange år... og garantert ein vinnar.»[17] Record-Journal konkluderte: «Hovudproblemet med albumet er å komma forbi den første songen. Viss du heng med, er det som følgjer på Rogues Gallery likevel nokre av dei mest entusiastiske hardrocksongane dei siste åra, og nokon av dei minst irriterande.»[20]

The Press-Courier skreiv: «Veterankvartetten er for lengst aldrande, men framleis i stand til å blåsa ut forsterkarar og høgtalarar.»[23] Den kanadiske Leader-Post meinte at Rogues Gallery var eit «finare album» enn det førre Keep Your Hands Off My Power Supply, og konkluderte med: «Dei kan vera aldrande, men dei har ikkje mista krafta.»[24]

AllMusic oppsummerte: «Dessverre for alle vart det vedtatt å legga på ein heil haug med synth denne gangen; sluttresultatet var eit album som var langt mindre kjærleg enn Keep Your Hands Off My Power Supply. Konseptet hadde truleg vore mykje meir overtydande om musikken hadde blitt strippa for synthen og den altfor glatte produksjonen og gjeve det ein kvassare rock & roll.»[25] Joe Geesin frå nettsida Get Ready to Rock skildra albumet som eit «fint polert sett». Han la til: «Feite refreng som du forventar. Dette er Slade som er topp moderne, noko du aldri ville ha forventa.»[18]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Noddy Holder og Jim Lea.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Hey Ho Wish You Well»5:18
2.«Little Sheila»3:56
3.«Harmony»3:43
4.«Myzsterious Mizster Jones»3:35
5.«Walking on Water, Running on Alcohol»4:57
Side to
Nr.TittelLengd
6.«7 Year Bitch»4:15
7.«I'll Be There»4:31
8.«I Win, You Lose»3:31
9.«Time to Rock»4:08
10.«All Join Hands»5:31
Bonusspor på Salvo-utgåva frå 2007
Nr.TittelLengd
11.«Here's to...» (B-side til «All Join Hands»)3:10
12.«Leave Them Girls Alone» (B-side til «7 Year Bitch»)3:14
13.«Mama Nature Is a Rocker» (B-side til «Myzsterious Mizster Jones»)2:52
14.«My Oh My (Piano & Vocal)» (B-side til «Myzsterious Mizster Jones» (berre 12"-vinyl))3:12
15.«Do You Believe in Miracles» (1985 singel utan album)4:10
16.«My Oh My (Swing Version)» (B-side til «Do You Believe in Miracles»)3:02
17.«7 Year Bitch (Extended 12"-versjon)»5:38
18.«Myzsterious Mizster Jones (Extended 12"-versjon)»4:47
19.«Do You Believe in Miracles (Extended 12"-versjon)»6:14

Salslister endre

Liste (1985) Plassering
Den kanadiske albumlista[26] 64
Den tyske albumlista[27] 38
VG-lista[28] 5
Den svenske albumlista[29] 27
Den sveitsiske albumlista[30] 13
UK Albums Chart[31] 60
U.S. Billboard 200[32] 132

Medverkande endre

Slade
Andre medverkande
  • John Punter - miksing, produsent (spor 1-2, 5-7, 10)
  • Frank Barretta - assisterande lydteknikar (ikkje oppført)
  • Brian Aris Design - fotografi
  • Estuary English - design

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Slade | full Official Chart History». Official Charts Company. Henta 20. oktober 2021. 
  2. «Vinyl Album - Slade - Rogues Gallery - RCA - Europe». 45worlds.com. 23. desember 2013. Henta 20. oktober 2021. 
  3. «Nod and Don interview». YouTube. Henta 14. oktober 2021. 
  4. «Vinyl Album - Slade - Rogues Gallery - CBS Associated - USA». 45worlds.com. Henta 20. oktober 2021. 
  5. 5,0 5,1 5,2 CD-heftet Rogues Gallery - 2007 Salvo
  6. «Slade Rogues Gallery Chart History». Billboard. Henta 20. oktober 2021. 
  7. «Slade Little Sheila Chart History». Billboard. Henta 20. oktober 2021. 
  8. «Slade Little Sheila Chart History». Billboard. Henta 20. oktober 2021. 
  9. «Rock Magazine Articles - Slade Crazee!». Slade-crazee.weebly.com. Henta 15. oktober 2021. 
  10. «SLADE @ www.slayed.co.uk». Crazeeworld.plus.com. Arkivert frå originalen 4. oktober 2021. Henta 14. oktober 2021. 
  11. «Slade International Fan Club newsletter October - November - Desember 1990». Slade Fan Club. Arkivert frå originalen 15. mai 2012. Henta 20. oktober 2021. 
  12. Slade International Fan Club newsletter January - Februar 1986
  13. «Slade Fan Club Archive». Weebly. Arkivert frå originalen 16. juli 2012. Henta 14. oktober 2021. 
  14. Slade International Fan Club newsletter June - July - August 1986
  15. «Archived copy». Arkivert frå originalen 5. august 2017. Henta 18. oktober 2021. 
  16. Carruthers, Sean. «Rogues Gallery - Slade». AllMusic. Henta 14. oktober 2021. 
  17. 17,0 17,1 «Heavy metal hasn't killed good, sizzling rock 'n' roll». Deseret News: 5. 21. juni 1985. Henta 20. oktober 2021. 
  18. 18,0 18,1 «Get Ready to ROCK! Review of CD album resissues by rock band Slade called The Amazing Kamikaze Syndrome,You Boyz Make Big Noize,The Collection 70-87,Rogues Gallery». Getreadytorock.com. Henta 14. oktober 2021. 
  19. Smith, Robin (30. mars 1985). «Albums». Record Mirror: 14. 
  20. 20,0 20,1 Zebora, Jim (16. juni 1985). «Boomtown Rats cut slick winners». Record-Journal: C2. Henta 20. oktober 2021. 
  21. 21,0 21,1 Johnson, Garry (23. mars 1985). «Mizster Men». Sounds: 29. 
  22. «Albums - Pop - Recommended». Billboard 97 (15): 70. 13. april 1985. Henta 20. oktober 2021. 
  23. Welles, Robin (16. juni 1985). «World of Music». Oxnard Press-Courier: 13. Henta 20. oktober 2021. 
  24. Lawson, Michael (20. april 1985). «Slade is rocking again». Leader-Post: B5. Henta 20. oktober 2021. 
  25. AllMusic Review by Sean Carruthers. «Rogues Gallery - Slade». AllMusic. Henta 15. oktober 2021. 
  26. «Results - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Arkivert frå originalen 23. oktober 2012. Henta 14. oktober 2021. 
  27. «charts.de». charts.de. Henta 14. oktober 2021. 
  28. Steffen Hung. «Slade - Rogues Gallery». norwegiancharts.com. Henta 14. oktober 2021. 
  29. Steffen Hung. «Slade - Rogues Gallery». swedishcharts.com. Henta 14. oktober 2021. 
  30. Steffen Hung. «Slade - Rogues Gallery». hitparade.ch. Henta 14. oktober 2021. 
  31. «Slade | full Official Chart History | Official Charts Company». Official Charts Company. Henta 15. oktober 2021. 
  32. «Slade - Rogues Gallery». Billboard. Henta 14. oktober 2021.