Do You Know the Way to San José

Do You Know the Way to San Jose
Singel av Dionne Warwick
frå albumet Dionne Warwick in Valley of the Dolls
B-side

«Let Me Be Lonely»

Utgjeve April 1968
Innspelt 1967 i Bell Sound Studios
Sjanger Soul, easy listening
Lengd 2:58
Selskap Scepter SCE-12216
Komponist Burt Bacharach
Tekstforfattar Hal David
Låtskrivar(ar) Burt Bacharach, Hal David
Produsent Burt Bacharach, Hal David
Dionne Warwick-kronologi 
«(Theme from) Valley of the Dolls»
(1968) #2
Do You Know the Way to San Jose «Who Is Gonna Love Me»
(1968) #33


«Do You Know the Way to San Jose» er ein popsong frå 1968 skriven for songaren Dionne Warwick av Burt Bacharach (musikk) og Hal David (tekst). Songen vart den største internasjonale hitten til Warwick og selde over ein million eksemplar og gav ho den første Grammyprisen hennar. Songen fortel soga om ein person frå San Jose i California som har mislukkast å slå igjennom i underhaldningsbransjen i Los Angeles og er på veg heim til heimbyen.

Songen vart gjeven ut på albumet Dionne Warwick in Valley of the Dolls i 1968. «Do You Know the Way to San Jose» vart gjeven ut som ein oppfølgjar til singelen «(Theme from) Valley of the Dolls»/«I Say a Little Prayer» i april 1968. Han vart den tredje singelen til Warwick på rad som nådde Topp 10 på singellista i USA og markerte den mest suksessrike perioden i karrieren hennar.

Songen nådde åttandeplassen i Storbritannia, Irland og Canada. Han gjekk òg inn på listene i Frankrike, Italia, Sør-Afrika, Australia, Tyskland, Brasil, Mexico, og mange andre land. B-sida til singelen, «Let Me Be Lonely», òg skriven av Bacharach/David, gjekk òg inn på Billboard Hot 100.

Produksjon endre

Burt Bacharach skreiv musikken til songen før Hal David skreiv teksten. David hadde vore stasjonært i San Jose då han var i marinen.[1]

Songen var den siste singelen til Dionne Warwick som vart spelt inn i Bell Studios i New York City. Basstromma er markant i songen, spelt av studiomusikaren Gary Chester. Lydteknikaren var Ed Smith, som fekk til den kjende introduksjonen i songen ved å feste ein mikrofon direkte på basstromma til Chester.

Dionne Warwick likte faktisk ikkje «Do You Know the Way to San Jose», og måtte overtydast om å spele han inn. I mai 1983 sa ho i eit intervju med Ebony «Det er ein dum song og eg ønskte ikkje synge han. Men han vart ein hit, slik 'Heartbreaker' vart. Eg er glad desse songane gjorde det bra, men det endrar ikkje meininga mi om dei.»

Songen er framleis ein av dei mest populær låtane til Warwick og er med på nesten alle konsertane hennar.

Prisar endre

Warwick vann den første Grammy-prisen sin for beste kvinnelege popvokalsong for «Do You Know the Way to San Jose». Ho fortalte Jet i mai 2002 at det å vinne denne prisen var høgdepunktet i karrieren hennar.

Lister endre

Do You Know The Way To San Jose (Dionne Warwick) CHARTINGS
Billboard Hot
100
*** Cash Box
Top 100
Billboard
R&B
Billboard
Easy
Listening
AUSTRALIA CANADA IRLAND UK
#10 *** #10 #23 #4 #15 #8 #8 #8

Andre versjonar endre

«Do You Know the Way to San Jose» har òg blitt spelt inn av Connie Francis, Rita Reys, The George Shearing Quintet, The Avalanches, The Baja Marimba Band, The Temptations og The Supremes i lag, Frankie Goes to Hollywood, The Starlite Orchestra, De-Phazz, Neil Diamond og the Carpenters, blant andre.

Ikkje-engelske versjonar av songen er mellom andre «Le chemin pour San José» av Ginette Reno - åttandeplass i Quebec for året 1968 - «Snart så stiger solen upp igen» av Siw Malmkvist og «La route du bonheur» av Liliane Saint-Pierre.

Dionne Warwick spelte inn songen som eit salsa-aktig samarbeid med Celia Cruz og The Pete Escovedo Orchestra i 1998 for albumet Dionne Sings Dionne.

Songen har vorte spelt på fleire hyllestalbum for Burt Bacharach, mellom anna av Medeski Martin & WoodGreat Jewish Music: Burt Bacharach (1997), av både Yazz og Dionne Warwick (kvar for seg)på Tribute to Burt Bacharach & Hal David (2002), av Trijntje OosterhuisThe Look of Love (2006), og av Kahimi KarieAll Kinds of People ~Love Burt Bacharach~ (2010).

Kjelder endre

  1. Dominic, Serene (2003). Burt Bacharach, song by song: the ultimate Burt Bacharach reference for fans. New York City: Schirmer Trade Books. s. 190. ISBN 0-8256-7280-5. 

Bakgrunnsstoff endre