Dobro er eit varemerke som tilhøyrer Gibson Guitar Corporation og ein variant av eit amerikansk strengeinstrument skapt av det slovakisk-amerikanske brødreparet Dopyera i 1928. Dobro blir òg brukt som fellesnamn for instrument av denne typen.[1] Det er eit av instrumenta i resonatorgitarfamilien, og er laga for å vera ein gitar som læt sterkt.

Dobro

Klassifiseringkordofon

Den innebygde resonatoren sørger for at ein får høgt volum, og dermed kan høyrast i band med blåsarar og trommar. Dobro blei utvikla før den elektriske gitaren, og musikk blei spelt akustisk. Han blei straks populær innanfor Hawaii-musikken, og blei seinare tatt opp spesielt i country- og bluegrassmiljø. Elektriske instrument blir ikkje brukte i tradisjonell bluegrass, og innan denne sjangeren var Buck Graves tidleg ute. Han spelte dobro med Flatt & Scruggs frå 1956 til gruppa blei oppløyst i 1969.[2]

Dobroen er forma som ein vanleg gitar og har som denne 6 strenger. Han finst i to utgåver: Round neck som ein speler som ein vanleg gitar, og square neck, som ein legg vassrett i fanget, og som blir spelt med stål. Dobroen har innebygd resonator (cone) som verkar som ein akustisk høgtalar.

Jerry Douglas (fødd 1956) speler i Alison Krauss si bluegrassgruppe Union Station, men har òg spelt med ei mengde andre artistar, m.a. Øystein Sunde.

Kjente utøvarar av instrumentet frå tidlege dagar er til dømes Mike Auldridge, Josh Graves, Brother Oswald og Tutt Taylor. I seinare tid er den kanskje best kjende utøvaren på verdsbasis Jerry Douglas. Instrumentet finst i ei mengd ensemble som speler amerikansk tradisjonsmusikk, frå Chicks (tidlegare Dixie Chicks, der Emily Robison speler dobro), via Alison Krauss si gruppe Union Station til Blue Highway.

I Noreg har instrumentet fått eit oppsving saman med den gryande interessa for akustisk musikk. Bluegrassband som Hemisfair og Ila Auto, for ikkje å utelata Øystein Sunde sitt Særs i Sløyd, er blant dei fremste innanfor sjangeren. Knut Hem og Stein Are Fevang er kjende norske dobrospelarar.

Kjelder endre