Crude
Crude er ein dokumentarfilm av Joe Berlinger frå 2009. Han følgjer eit gruppesøksmål mot oljeselskapet Chevron i Ecuador.
Regi | Joe Berlinger | ||
---|---|---|---|
Distributør | Netflix | ||
Utgjevingsdato | 2009 | ||
Lengd | 100 minutt | ||
Opphavsland | USA | ||
Språk | spansk, engelsk | ||
Sjanger | dokumentarfilm |
- «Crude oil» er den engelske nemninga for «råolje», sjå artikkelen råolje for meir informasjon.
Dokumentarfilmen følgjer framdrifta av ei juridisk sak på 27 milliardar US-dollar klaga mot Chevron Corporation etter oljeverksemd i oljefeltet Lago Agrio, eit tilfelle òg kjent som «Amazonas sitt Tsjernobyl».
Søksmålet er på vegne av om lag 30 000 menneske av siona, cofán, kichwa og lokale bønder som lever i Amazonas-regnskogen. Dei hevdar jorda har vorte ureina av oljeindustrien. I tillegg til den juridiske kampen, viser Crude intervju frå begge sider, og utforskar påverknaden av mediestønad, kjendisaktivisme, makta til multinasjonale selskap, dei skiftande makttilhøva i ecuadoriansk politikk, og kulturar av urfolk som er i ferd med å gå under.
Filmen blir avslutta med ymting om at den juridiske saka ikkje vil bli løyst før om eit tiår eller så.
Intervju
endre- Juan Diego Perez
- Pocho Alvarez
- Joe Berlinger, produsent
- Michael Bonfiglio
- Sting, artist og medskipar av Regnskogfondet
- Trudie Styler, aktivist, produsent og medskipar av Regnskogfondet saman med ektefellen Sting
- Adolfo Callejas, ecuadoriansk advokat på vegne av Chevron-Texaco
- Steve Donziger, advokat frå USA på vegne av plaintiffs
- Pablo Fajardo, ecuadoriansk advokat på vegne av plaintiffs
- Diego Larrea, ecuadoriansk advokat på vegne av Chevron-Texaco
- Rafael Correa, president i Ecuador
- Sara McMillen, vitskapleg talsmann for Chevron
- Ricardo Reis Veiga, representant for Chevron i Latin-Amerika
Stemning av opptaka
endreDen 6. mai 2010 tok den føderale dommaren Lewis Kaplan parti for eit rettsleg krav sendt inn av Chevron og avgjorde at Berlinger skal overlevere meir enn 600 timar med originale opptak gjort for filmproduksjonen. Chevron hadde prøvd stemninga av opptaka som ein del av det pågåande søksmålet diskutert i filmen.
Mottak
endrePer 23. mars 2010, gav filmen samla ein 95 % gradering på Rotten Tomatoes, 100 % er topp kritikk.
Prisar
endreVinnar av[1]
- National Board of Review: Best Documentaries of the Year, 2009.
- One World Media Awards: Best International Documentary, Joe Berlinger, 2009.
- Independent Film Festival of Boston: Grand Jury Prize, Documentary, Joe Berlinger, 2009.
- Yale Environmental Film Festival: Grand Jury Prize, Documentary, Joe Berlinger, 2009.
- Thessaloniki Documentary Film Festival: World Wildlife Fund Documentary Award, Joe Berlinger, 2009.
- AFI Dallas International Film Festival: Current Energy Filmmaker Award, Joe Berlinger, 2009.
- Big Sky Documentary Film Festival: Best Editing, Programmer's Choice, Joe Berlinger,[2] 2009.
- Nashville Film Festival: Human Spirit Award, Joe Berlinger, 2009.
- 27e Festival International du Film d’Environnement: Grand Prize, 2009.
- Santa Cruz Film Festival: EarthVision Environmental Film Award, 2009.
- Reel Earth Film Festival New Zealand: Reel Earth Award, International Features, 2009.
- Mexico International Film Festival: Best Documentary Film, 2009.
- Docúpolis International Documentary Film Festival: OFF Docúpolis Award, 2009.
- Traverse City Film Festival: Special Jury Prize for Environmental Documentary, 2009.
- Puerto Vallarta Film Festival: Elizabeth Taylor Humanitarian Award, 2009.
- Whitaker St. Louis International Film Festival: Lifetime Achievement Award in Documentary, 2009.
- Red Nation Film Festival: Brando Award, 2009.
- Jacksonville Film Festival: Shining Light Award, 2009.
- Amazonas Film Festival: Audience Award, Documentary, 2009.
- Cinema for Peace: International Green Film Award, 2010.
Kjelder
endre- Denne artikkelen starta med ei omsetjing frå «Crude (2009 film)» frå Wikipedia på engelsk, den 29. november 2011
Referansar
endre- ↑ Fullstendig liste av prisar
- ↑ Edited by Alyse Ardell Spiegel
Bakgrunnsstoff
endre- NRK Oljens virkelige pris Streaming av filmen til Internett-brukarar i Noreg. Henta 4. desember 2011
- Offisiell nettside for filmen
- Crude ved IMDb
- Joe Berlinger intervju