Regnskogfondet er ein ikkje-statleg organisasjon (NGO) som arbeider for å verne regnskogane i verda og sikre dei juridiske rettane til innbyggjarane innanfor regnskogsterritoria. Målsettinga er at bruksrettar til skogen blir styrkte for den lokale folkesetnaden og at folkesetnaden kan leve godt i regnskogen på eigne vilkår. Dette er ein av dei største organisasjonane i verda for regnskogvern, og han samarbeider med rundt 70 lokale og nasjonale miljøvern-, urfolk- og menneskerettsorganisasjonar i 7 land med regnskog, i Amazonas, i Sentral-Afrika og i Søraust-Asia.[1] Organisasjonen arbeider for å sikre rettane og auke busette sitt ansvar for regnskogvern; å hindre politiske og næringsinteresser frå å medverke til øydelegging av regnskogen; og for å konsolidere politikk og praksis som tener til å verne han.[2] Regnskogfondet driv påverknadsarbeid i viktige internasjonale prosessar i høve til problema til regnskogen verda rundt.

Regnskogfondet
Typeforening/lag/innretning
Org.nummer985828806
Skipa1989
HovudkontorOslo
Nettstadhttps://regnskog.no/no Sjå dette på Wikidata

Regnskogfondet vart grunnlagt i 1989, og er i dag ein av Europas leiande organisasjonar innanfor fagfeltet regnskogvern.[3] Det er ein del av Rainforest Foundation-nettverket, med uavhengige systerorganisasjonar i USA og Storbritannia.

Regnskogfondet er organisert som ei stifting, og verksemda er finansiert av offentlege styresmakter, og dessutan av private gjevarar, internasjonale fond og sponsorar. TV-aksjonen 2015, arrangert av NRK, gjekk til Regnskogfondet.[4]

Historie

endre

Den veldedige stiftinga Rainforest Foundation International vart skipa av artisten Sting og skodespelaren Trudie Styler i 1989. Det skjedde etter at leiaren av Kayapo-folket i Brasil gjorde ein personleg førespurnad til dei to om å hjelpe samfunnet deira og verne landet og kulturen. Den norske greina av nettverket av det internasjonale Regnskogfondet vart skipa same året.[1] I 1996 vart den norske greina ei uavhengig stifting, med fem norske medlemsorganisasjonar. Den første daglege leiaren var Lars Løvold, som var leiar fram til 2018, unntatt åra 2014-2015 då Dag Hareide var leiar. Øyvind Eggen er generalsekretær i organisasjonen per januar 2020.[5]

Tilnærming til regnskogvern

endre

Regnskogfondet nyttar ei tilnærming til regnskogvern basert på lovmessige, sosiale og etiske rettar til folkesetnaden.[6] Tilnærminga byggjer på førestillinga om at busette folk som i generasjonar har utvikla kulturane sine og samfunn i balansert samspel med særs komplekse og sårbare økosystem, har grunnleggjande rettar til desse områda.[7] For å oppnå målsettinga om å oppnå rettsbasert regnskogforvalting i betydelege regnskogsområde i alle 11 land der Regnskogfondet og partnarane er aktive, stør organisasjonen program og prosjekt i samarbeid med lokale organisasjonar, urfolk i regnskogen. Regnskogfondet søkjer òg endringar i politikk og praksisen i forvaltinga til styresmaktene, mellomstatlige organ og til private føretak. Det søkjer òg å generere og styrkje nasjonal og internasjonal offentleg merksemd og handling.[6] I tillegg har organisasjonen vedteke ei tilnærming som vektlegg styrking av det sivile samfunn som eit viktig mål i dei landa der han er aktiv. På denne bakgrunnen har stiftinga prioritert å byggja langsiktige partnarskap med aktuelle lokale og nasjonale organisasjonar, og dessutan å stø utviklinga av representative urfolkorganisasjonar og samfunnsbaserte organisasjonar.[6]

Program

endre

Ut frå målsettinga om regnskogsvern arbeider Regnskogfondet for rettane til urfolket i regnskogsområda ved å gje økonomisk stønad til prosjekt, byggje kompetanse og gje direkte teknisk assistanse til dei lokale partnarane, inkludert urfolksamfunn og grasrotorganisasjonar. I tillegg til å arbeida med desse gruppene direkte gjennom programverksemd i lokalsamfunnet, stør Regnskogfondet dei indirekte gjennom politikk, opplysings- og informasjonsarbeid retta mot sikring av rettar, etablering av eksklusive territorium til urfolk og regnskogvern.[6]

Kjelder

endre
Referansar
  1. 1,0 1,1 Om Regnskogfondet Nettside hos regnskog.no. Lest 30. januar 2020
  2. «Annual Report for 2012». Rainforest Foundation Norway. Henta 18. oktober 2015. 
  3. «The Norwegian Committee for Fundraising in Norway». Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 18. oktober 2015. 
  4. TV-aksjonen 2015 til Regnskogfondet Nettside hos nrk.no. Lest 30.januar 2015
  5. Ovesyn tilsette i Regnskogfondet Nettside hos regnskog.no. Lest 30. januar 2020
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 «Organizational Performance Review of Rainforest Foundation Norway». The Norwegian Agency for Development Cooperation. Henta 18. oktober 2015. 
  7. «Saving the rainforest: Why human rights is the key». Just Conservation. Henta 18. oktober 2015. 

Bakgrunnsstoff

endre