Sting
Gordon Matthew Thomas Sumner (fødd 2. oktober 1951), betre kjend med artistnamnet Sting, er ein engelsk musikar, songar-låtskrivar, multi-instrumentalist, aktivist, skodespelar og filantrop. Han er mest kjend som låtskrivar, songar og bassist for det nyskapande new wave-rockebandet The Police og solokarrieren som følgde.
Sting har nytta mange musikkstilar, med element frå rock, jazz, reggae, klassisk, new-age og worldbeat, i musikken sin.[1] Som solomusikar og medlem av The Police har Sting fått 16 Grammyprisar for musikken sin, den første for beste rockeinstrumental i 1980, tre Brit Awards – mellom anna beste mannlege artist i 1994, ein Golden Globe, ein Emmy Award, og fleire Oscarnomniasjonar for beste song. Han vart innlemma i Songwrites Hall of Fame i 2002 og Rock and Roll Hall of Fame som medlem av The Police i 2003. I 2000 fekk han ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. Han vart oppført på International Best Dressed List for best kledde mann i 2001.
Inkludert åra med The Police har Sting seld over 100 millionar plater verda over. I Storbritannia har hann fått sju platinaplater, tre gullplater og ei sølvplate, og i USA ni platinaplater og tre gullplater. I 2006 rangerte magasinet Paste han på 62. plass på lista deira over «100 beste nolevande låtskrivarar».[2] Han vart rangert på 63. plass på lista til VH1 over 100 største rockeartistar,[3] og 80. plass på lista til magasinet Q over dei 100 største musikkstjernene på 1900-talet.[4] Sting har òg samarbeidd med andre musikarar, som «Rise & Fall» med Craig David, «Money for Nothing» og den store hitten «All for Love» med Bryan Adams og Rod Stewart.
Diskografi
endreThe Police
endre- Outlandos d'Amour (1978)
- Reggatta de Blanc (1979)
- Zenyatta Mondatta (1980)
- Ghost in the Machine (1981)
- Synchronicity (1983)
Solo
endre- The Dream of the Blue Turtles (1985)
- ...Nothing Like the Sun (1987)
- The Soul Cages (1991)
- Ten Summoner's Tales (1993)
- Mercury Falling (1996)
- Brand New Day (1999)
- Sacred Love (2003)
- Songs from the Labyrinth (2006)
- If on a Winter's Night... (2009)
- Symphonicities (2010)
- The Last Ship (2013)
- 57th & 9th (2016)
- 44/876 (2018)
- My Songs (2019)
- The Bridge (2021)
Filmar
endre- Som skodespelar
- Quadrophenia (1979) – The Ace Face, the King of the Mods, a.k.a. The Bell Boy i filmutgåva av The Who-albumet
- Radio On (1980) – Just Like Eddie
- Artemis 81 (1981) – Engelen Helith (Bfvt. TV film)
- Brimstone and Treacle (1982) – Martin Taylor, dagdrivar
- Dune (1984) – Feyd-Rautha Harkonnen
- Titus Groan – Steerpike (BBC Radio 4-sending basert på romanen til Mervyn Peake)
- Gormenghast (1984) – Steerpike
- Plenty (1985) – Mick, ein svartebørshandlar
- The Bride (1985) – Baron Frankenstein
- The Adventures of Baron Munchausen (1988) – Ein «heroisk offiser»
- Stormy Monday (1988) – Finney, ein nattklubbeigar
- Julia and Julia (1988) – Daniel, ein britisk gentleman
- Saturday Night Live (1991) – vert
- The Grotesque (1995), a/k/a Gentlemen Don't Eat Poets og Grave Indiscretion – Fledge
- Lock, Stock, and Two Smoking Barrels (1998) – J.D., far til Eddie og bareigar
- Som seg sjølv
- Bring on the Night (1985)
- The Simpsons-episode «Radio Bart» (1992)
- The Smell of Reeves and Mortimer Episode 5 (1995)
- The Larry Sanders Show episode «Where Is the Love?» (1996)
- Ally McBeal sesong fire episode «Cloudy Skies, Chance of Parade» (2001)
- Everyone Stares: The Police Inside Out (2006)
- Studio 60 on Sunset Strip (2006)
- Vicar of Dibley Comic Relief-spesial (2007)
- Bee Movie (2007)
- Little Britain USA (2008) som Stomp, frontsongaren i «The Cops» (speler «Fields of Gold»)
- Brüno (2009)
- Still Bill (2009)
- Do It Again (2010)
- Life's Too Short (2011)
- The Michael J. Fox Show (2013) (syng «August Wind» frå The Last Ship)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sting» frå Wikipedia på engelsk, den 24. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Stephen Thomas Erlewine. Sting Biography. AllMusic. Henta 24. august 2014
- ↑ «100 Greatest Living låtskrivars». pastemusic.com. Henta 24. august 2014.[daud lenkje]
- ↑ «VH1 Greatest Artists of Rock». Rockonthenet.com. Henta 24. august 2014.
- ↑ «THE 100 GREATEST STARS OF THE 20TH CENTURY». Q Magazine. august 1999. Henta 29 januar 2014.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- Sting ved The Internet Movie Database (IMDb)