Dollar Days
av David Bowie
frå albumet Blackstar
Språk engelsk
Utgjeve 8. januar 2016
Innspelt 2015
Studio The Magic Shop and Human Worldwide (New York City)
Sjanger
Lengd 4:44
Selskap ISO
Komponist David Bowie
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent

«Dollar Days» er ein song av den engelske musikaren David Bowie. Det er det sjette sporet på det 25. og siste studioalbumet til Bowie, Blackstar, som kom ut 8. januar 2016. Songen var skriven av Bowie, og vart produsert av Bowie og Tony Visconti. «Dollar Days» gjekk inn på singellistene i fleire land, mellom andre i heimlandet Storbritannia, der han nådde 128. plassen.

Komposisjon endre

«Dollar Days» vart spelt inn utan at det vart laga ein demo for han på førehand.[1] I følgje Donny McCaslin, som spelte saksofon på Blackstar, «Ein dag plukka berre David opp ein gitar ... han hadde denne vesle ideen, og me berre lærte oss songen der og då i studio.»[2]

Mottaking endre

«Dollar Days» fekk positive meldingar frå kritikarane. Mike Powell i Pitchfork kåra songen til «Beste nye song» og samanlikna songen med dei eldre songane «Five Years» og «Ashes to Ashes» av Bowie.[3] Jody Rosen i Billboard kalla songen «herleg» med ein tekst som kombinerte «finkjensle og klapring».[4]

Salslister endre

Liste (2016) Plassering
Frankrike (SNEP)[5] 148
Nederland (Mega Single Top 100)[6] 90
Portugal (AFP)[7] 68
Sverige (Sverigetopplistan)[8] 98
Sveits (Schweizer Hitparade)[9] 46
UK Singles (Official Charts Company)[10] 138
Ungarske singlar[11] 22
US Hot Rock & Alternative Songs (Billboard)[12] 41

Kjelder endre

  1. Chinen, Nate (4. januar 2016). «MUSIC On David Bowie’s ‘Blackstar,’ Turning to Jazz for Inspiration». The New York Times. Henta 20. september 2021. 
  2. «The Inside Story of David Bowie's Stunning New Album, 'Blackstar'». Rolling Stone. 23. november 2015. Arkivert frå originalen 22. desember 2016. Henta 28. september 2021. 
  3. Powell, Mike (8. januar 2016). «David Bowie: «Dollar Days»». Pitchfork Media. Henta 20. september 2021. [daud lenkje]
  4. Rosen, Jody (7. januar 2016). «David Bowie’s ‘Blackstar’ Is Filled With Songs About Death and Doom: Album Review». Billboard. Henta 20. september 2021. 
  5. "Lescharts.com – David Bowie – Dollar Days" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.
  6. "Dutchcharts.nl – David Bowie – Dollar Days" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  7. "Portuguesecharts.com – David Bowie – Dollar Days". AFP Top 100 Singles. Retrieved 28. september 2021.
  8. "Swedishcharts.com – David Bowie – Dollar Days". Topp 60. Hung Medien.
  9. "David Bowie – Dollar Days – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien.
  10. «Chart Log UK - New Chart Entries - 16.01.2016». zobbel.de. Henta 28. september 2021. 
  11. «Hungarian Singles chart - 17.09.2016». zobbel.de. Arkivert frå originalen 27. desember 2012. Henta 17. september 2016. 
  12. "David Bowie Chart History (Hot Rock & Alternative Songs)". Billboard. Retrieved 28. september 2021.