Dombås kino
62°4′49.01″N 9°7′23.39″E / 62.0802806°N 9.1231639°E
Dombås kino er ein kino på Dombås i Innlandet. Kinoen vart bygd av den tyske okupasjonsmakta under andre verdskrigen. Ei stor mengde tyske soldatar var stasjonert på Dombås under krigen, og kinoen vart bygd som eit velferdstiltak.
Etter krigen stod bygningen tom i nokre år før den vart tatt i bruk som forsamlingshus og kino. Bygningen er relativt uendra, og har høg verneverdi som eksempel på eit kinobygg frå okkupasjonstida.
Dombås kino vart freda av Riksantikvaren i oktober 2015.[1]
Referansar endre
Bakgrunnsstoff endre
- Dombås kino i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Dovre kommune, Dombås kino, forslag om fredning - Oppland fylkeskommune Arkivert 2015-09-25 ved Wayback Machine.