«Don't Break Me» (norsk omsetjing 'ikkje knekk meg') er ein popsong frå 2020 framført av den australske artisten Montaigne. Songen vann den australske songtevlinga Eurovision – Australia Decides 2020 og skulle ha vore det australske bidraget til Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland. Men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1]

Om songen endre

Montaigne har fortalt at songen omhandlar «nok er nok-fasen» i eit forhold, der den eine parten følar at den legg ned meir kjensler, energi og krefter i forholdet enn det den andre personen gjer. Dette fører til at den fyrste vert frustrert og sint.[2] «Eg skreiv songen medan eg las Codependent No More av Melody Beattie, som verkeleg skildrar kvalitetane og kjenneteikna rundt dynamikkane i eit forhold».[3][4]

«Don't Break Me» var eitt av ti bidrag i Eurovision – Australia Decides i Gold Coast i Australia laurdag 8. februar 2020, arrangert av den australske kringkastaren SBS. Montaigne opptredde med blått hår, klovnesminke og ein klovnekrage.[4][5] Songen vann juryavrøystinga og vart nummer to i telefonavrøystinga, men vann tevlinga samanlagt med 107 poeng.[4] Gjennom sigeren vart songen det australske bidraget til Eurovision Song Contest, og skulle ha delteke i den fyrste semifinalen tysdag 12. mai 2020.[6] Men på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 vedtok EBU å avlyse Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[7] Songen fekk dimed aldri delteke i Eurovision Song Contest.

Referansar endre

  1. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  2. «Montaigne: Don't Break Me lyrics - Australia Eurovision 2020» (på engelsk). 10. februar 2020. Henta 10. februar 2020. 
  3. «Montaigne Releases Official Eurovision Australia Decides Song». Amnplify. februar 2020. Henta 9. februar 2020. 
  4. 4,0 4,1 4,2 McGarry, Andrew (8. februar 2020). «Montaigne nabs Eurovision spot after Don't Break Me performance wins Australia Decides». ABC. Henta 8. februar 2020. 
  5. «Montaigne - Don't Break Me - Australia 🇦🇺 - National Final Performance - Eurovision 2020» (på norsk bokmål). Henta 10. februar 2020. 
  6. «Australia decides: Kate Miller-Heidke to Tel Aviv». 9. februar 2019. Henta 8. mai 2019. 
  7. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.