Don't Let the Sun Catch You Crying
Don't Let the Sun Catch You Crying Singel av Gerry and the Pacemakers frå albumet Don't Let The Sun Catch You Crying | ||
B-side |
«Show Me That You Care» (UK og Canada) | |
---|---|---|
Utgjeve | April 1964 | |
Innspelt | 1964 | |
Sjanger | Merseybeat, pop | |
Lengd | 2:38 | |
Selskap | EMI Columbia (UK) Laurie (US) Capitol (Canada) | |
Låtskrivar(ar) | Gerry Marsden, Freddie Marsden, Les Chadwick, Les Maguire | |
Produsent | George Martin | |
Gerry and the Pacemakers-kronologi | ||
«I'm the One» (1964) |
Don't Let the Sun Catch You Crying | «It's Gonna Be Alright» (1964)
|
«Don't Let the Sun Catch You Crying» er ein song skriven og opphavleg framført av den britiske beat-gruppa Gerry and the Pacemakers. Songen vart skriven av Gerry Marsden og dei andre bandmedlemmane Freddie Marsden, Les Chadwick og Les Maguire. Han vart først spelt inn av Louise Cordet, og så av sjølve gruppa tidleg i 1964.
Historie
endreSongen vart først gjeven til Louise Cordet, ein song som tidlegare hadde turnert med gruppa og The Beatles. Verjonen hennar vart produsert av Tony Meehan og kom ut på Decca Records i februar 1964.[1] Gruppa valde så å gje ut sin eigen versjon.[2] Innspelinga vart, som dei tidlegare innspelingane deira, produsert av George Martin.[1]
Han kom ut i april 1964 som den femte singelen til Gerry and the Pacemakers i Storbritannia og låg 11 veker inne på den britiske Record Retailer-lista, der han nådde sjetteplassen.[3] I USA vart singelen gjennombrotet for gruppa. Han låg 12 veker på Billboard Hot 100 og nådde der ein fjerdeplass.[4] Songen debuterte på fjerdeplassen i på den kanadiske RPM «Top Forty-5s»-lista,[5] og nådde femteplassen på den kanadiske CHUM Hit Parade,[6] og sjetteplassen på «Lever Hit Parade» i New Zealand.[7]
Gerry and the Pacemakers framførte songen første gongen dei var på det amerikanske fjernsynsshowet The Ed Sullivan Show den 3. mai 1964.[8] Dei tidlegare hitsinglane til gruppa, «How Do You Do It?», «I Like It», «You'll Never Walk Alone» og «I'm the One» - kom så ut i USA og følgde opp suksessen, men ingen av dei nådde så høgt på lista som «Don't Let the Sun Catch You Crying».[4]
Andre versjonar
endreSongen er blitt spelt av fleire andre artistar, som Steve Lawrence (1964), José Feliciano (1968), Rickie Lee Jones (1989), Gloria Estefan (1994), Jeff Buckley (1998), Paul Carrack (2010) og Nellie McKay (2015).[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Don't Let the Sun Catch You Crying» frå Wikipedia på engelsk, den 18. mars 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Don't Let the Sun Catch You Crying» at Secondhandsongs. Henta 18. mars 2018
- ↑ Biography of Louise Cordet by Bruce Eder, Allmusic.com. Henta 18. mars 2018
- ↑ Gerry and the Pacemakers - Full Official Chart History, Official Charts Company. Henta 18. mars 2018
- ↑ 4,0 4,1 Gerry and the Pacemakers - Chart History - The Hot 100, Billboard.com. Henta 18. mars 2018
- ↑ «Top Forty-5s», RPM Weekly, Volume 1, Ed. 18, 22. juni 1964. Henta 18. mars 2018
- ↑ «CHUM Hit Parade – Week of 22. juni 1964». CHUM. Arkivert frå originalen 7. november 2006. Henta 18. mars 2018. Chart No. 380.
- ↑ «Lever Hit Parade» 30-Jul-1964, Flavour of New Zealand. Henta 18. mars 2018
- ↑ «Don't Let the Sun Catch You Crying» at SongFacts.com. Henta 18. mars 2018