Don Barnes

amerikansk songar

Richard Donald Barnes (fødd 3. desember 1952) er ein amerikansk rockevokalist og gitarist og ein av dei opphavlege medlemmane i southern rock-gruppa 38 Special.[1] Barnes song solovokal på mange av dei største hittane deira, inkludert «Rockin' into the Night», «Hold On Loosely», «Caught Up in You», «If I'd Been the One», «Back Where You Belong», «Like No Other Night», «Somebody Like You», «Teacher Teacher», «Back to Paradise», «You Keep Runnin' Away», «Fantasy Girl» og andre.

Don Barnes
Fødd3. desember 1952 (70 år)
FødestadUSA
FødenamnRichard Donald Barnes
OpphavUSA
AktivSidan 1974
SjangerSouthern rock
InstrumentVokal, gitar, piano, munnspel, mandolin, slidegitar
Tilknytte artistar38 Special
Verka somVokalist, gitarist, musikar, låtskrivar

Barnes slutta i bandet i 1987 og vart erstatta av Max Carl. Barnes spelte inn eit soloalbum, Ride the Storm i 1989, men det kom ikkje ut på den tida fordi plateselskapet hans (A&M Records) vart seld. Det vart spelt inn med mange av dei beste studiomusikarane på den tida, som Jeff Porcaro og Dann Huff. Albumet kom først ut i juni 2017.

Barnes kom attende til 38 Special i 1992 og har vore aktivt medlem av bandet sidan den gongen. .[2][3]

DiskografiEndra

SoloalbumEndra

  • Ride the Storm (2017) [spelt inn 1989]

Med 38 SpecialEndra

KjelderEndra

  1. Wirt, John (29. april 2013). «Classic .38 Special songs withstand the test of time». The Advocate. 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 2019-05-08, henta 20. desember 2020 
  3. «Don Barnes of 38 Special Continues to 'Ride the Storm'.» Broadway World. 18. august 2017. Henta 20. desember 2020.

BakgrunnsstoffEndra