Jeff Porcaro
Jeffery Thomas «Jeff» Porcaro (1. april 1954–5. august 1992) var ein amerikansk trommeslagar og låtskrivar. Han spelte i det Grammy-vinnande bandet Toto og var sjølv ein av dei som starta Toto. Han var ein særs mykje nytta studiomusikar[3] og arbeidde på hundrevis av album og tusenvis av innspelingar.[4]
Jeff Porcaro | |||
Jeff Porcaro på tommer under Fahrenheit-turneen til Toto i Blaisdell Arena i Honolulu på Hawaii, 10. november 1986 | |||
Fødd | 1. april 1954 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | South Windsor i Connecticut | ||
Død | 5. august 1992 (38 år) | ||
Dødsstad | Los Angeles, California | ||
Fødenamn | Jeffrey Thomas Porcaro | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1971–1992 | ||
Sjanger | hardrock, pop rock, AOR, progressiv rock, jazz, jazz fusion[1][2] | ||
Instrument | trommer, perkusjon | ||
Tilknytte artistar | Toto, Sonny and Cher, Steely Dan, Boz Scaggs, Clover, Pink Floyd, Dire Straits
Signaturen til Jeff Porcaro | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, produsent | ||
Far | Joe Porcaro |
Allmusic har skildra han som «utan tvil den mest respekterte trommeslagaren i rocken frå midten av 1970-åra til tidleg i 1990-åra», og skriv vidare at «det er ikkje å overdrive å sei at lyden av standard pop- og rocketrommer i 1980-åra var, til ein stor grad, lyden av Jeff Porcaro».[4]
Karriere
endrePorcaro starta å spele som 7-åring, og lærar var faren Joe Porcaro. Det kom fort fram at han hadde ein heilt spesiell god sans for rytmar. Allereie som syttenåring hadde han den første framføringa si i Los Angeles. Etter dette byrja han som studiomusikar, og vart etter kvart ein av landets mest etterspurte studiomusikarar. I 1973 og 1974 var han assosiert medlem av Steely Dan, og medverka òg på to av albuma til bandet, Pretzel Logic og Katy Lied.
I 1978 starta han bandet Toto saman med Steve Lukather og David Paich. Seinare vart Bobby Kimball, David Hungate, Steve Porcaro og Mike Porcaro med i bandet.
Utanom Toto arbeidde han mykje som studiomusikar og har samarbeidd med mange av dei største namna i musikkhistoria som Paul McCartney, Dire Straits, Donald Fagen, Steely Dan, Rickie Lee Jones, Michael Jackson, Al Jarreau, George Benson, Joe Walsh, Joe Cocker, Stan Getz, Sérgio Mendes, Lee Ritenour, Christopher Cross, James Newton-Howard, Jim Messina, Barbra Streisand, Diana Ross, Eric Carmen, Eric Clapton, Miles Davis, Bruce Springsteen, Elton John , Larry Carlton, Seals & Crofts og David Gilmour. Porcaro spelte på fire songar på Michael Jackson-albumet Thriller, og på Dangerous-hitten «Heal the World».
Richard Marx dediserte songen «One Man» til han og sa at Porcaro var den beste trommeslagaren han nokon gong hadde arbeidd med.[5] Michael Jackson takka Porcaro i plateomslaget for albumet HIStory: Past, Present and Future, Book I i 1995.
Død
endreDen femte august 1992 døydde Jeff Porcaro av eit hjarteinfarkt etter å ha inhalert eit giftmiddel mot insekt medan han stelte i hagen sin. Under obduksjonen vart det avdekt ein tidlegare ukjend hjartefeil hos Porcaro. Han døydde i ein alder av 38 år. Det kom 1 500 menneske i gravferda hans. Blant desse var medlemmane av Toto, og dessutan mange artistar han hadde jobba med.
Diskografi
endremed Toto
endre- Toto (1978)
- Hydra (1979)
- Turn Back (1981)
- Toto IV (1982)
- Isolation (1984)
- Dune (1984)
- albumet Olympic Games 1984 (1984)
- Fahrenheit (1986)
- The Seventh One (1988)
- Past to Present 1977 - 1990 (1990)
- Kingdom of Desire (1992, gjeve ut posthumt)
- Toto XX (1998)
- Greatest Hits Live... And More (DVD with behind the scenes footage and interviews)
Andre artistar
endre- Seals & Crofts - Diamond Girl (1973), Unborn Child (1974), Get Closer (1976)
- Joe Cocker - I Can Stand a Little Rain (1974), Civilized Man (1984)
- Steely Dan - Pretzel Logic (1974), Katy Lied (1975), «FM (No Static at All)» (1978), Gaucho (1980)
- Tommy Bolin - Teaser (1975) - spor 1, 2, 3, 5
- Les Dudek - Les Dudek Debut (1976), Say No More (1977), Ghost Town Parade (1978), Deeper Shades Of Blues, (1995), Freestyle! (2000)
- Leo Sayer - Endless Flight (1976) - «When I Need You», Thunder in My Heart (1977), Leo Sayer (1978), World Radio (1982), Have You Ever Been in Love (1983)
- Boz Scaggs - Silk Degrees (1976), Down Two Then Left (1977), Middle Man (1980), Other Roads (1988)
- Eric Carmen - She Did It, Boats Against the Current (1977)
- Hall & Oates - Beauty on a Back Street (1977)
- Diana Ross - Baby It's Me (1977), Ross (1983)
- Colin Blunstone - Never Even Thought (1978)
- KISS - Peter Criss (1978)
- Larry Carlton - Larry Carlton (1978), Sleepwalk (1981), Friends (1983)
- Allen Toussaint - Motion (1978)
- Dave Mason - Mariposa De Oro - «Will You Still Love Me Tomorrow» (1978)
- Warren Zevon - Excitable Boy (1978) - «Nighttime in the Switching Yard», Mr. Bad Example (1991).
- Janne Schaffer - Earmeal (1979)
- Lowell George - Thanks, I'll Eat It Here (1979)
- Chicago - Chicago 17 (1984) - «Stay the Night"
- Jackson Browne - The Pretender av Jackson Browne (1976)
- Pink Floyd - The Wall (1979) - «Mother»
- Aretha Franklin - Aretha (1980), Love All the Hurt Away (1981)
- Bee Gees - Living Eyes (1981)
- Randy Crawford - Secret Combination (1981), Windsong (1982)
- Al Jarreau - Breakin' Away (1981) - «Breakin' Away», Jarreau (1983) - «Mornin'», «Step by Step», «Black and Blues"
- Amii Ozaki - Hot Baby (1981)
- Greg Lake - Greg Lake (1981)
- Crosby, Stills & Nash - Daylight Again (1982), Allies (1983)
- Eye to Eye - Eye to Eye (1982)
- Michael Jackson - Thriller (1982) - «Beat It», «Human Nature», «The Girl is Mine», «The Lady in my Life», Dangerous (1991) - «Heal the World"
- Elton John - Jump Up! (1982)
- Donald Fagen - The Nightfly (1982)
- Herbie Hancock - Lite Me Up (1982)
- Don Henley - I Can't Stand Still (1982) - «Dirty Laundry», The End of the Innocence (1989)
- Michael McDonald - If That's What It Takes (1982) - «I Keep Forgettin'», No Lookin' Back (1985), Take It To Heart (1990)
- George Benson - In Your Eyes (1983) - «Lady Love Me (One More Time)»
- Christopher Cross - Another Page (1983)
- James Newton Howard - «James Newton Howard and Friends» (1983)
- Lionel Richie - Can't Slow Down (1983) - «Running with the Night», - «Louder then Words» (1996) - «the Climbing"
- Paul Simon - Hearts and Bones (1983) - «Train in the Distance"
- Randy Newman - Trouble in Paradise (1983) - «I Love L.A»..
- David Gilmour - About Face (1984)
- The Jacksons - Victory (1984) - «Torture», «Wait»
- Paul McCartney - Give My Regards to Broad Street (1984)
- Joe Walsh - The Confessor (1985)
- Eric Clapton - Behind the Sun (1985) - «Forever Man"
- Roger Hodgson - Hai Hai (1987)
- Jon Anderson - In the City of Angels (1988)
- Dr. John - In a Sentimental Mood (1989)
- Clair Marlo - Let It Go (1989)
- Madonna - Like a Prayer (1989), I'm Breathless (1990)
- Twenty Mondays - The Twist Inside (1990)
- Michael Bolton - Time, Love & Tenderness (1991)
- Cher - Love Hurts (1991)
- Dire Straits - On Every Street (1991)
- Richard Marx - Rush Street (1991), Paid Vacation (1993) - «One Man»
- B-52s - Good Stuff (1992)
- Bruce Springsteen - Human Touch (1992)
- Christopher Cross - Rendezvous (1992)
- 10cc - ...Meanwhile (1992)
- Roger Waters - Amused to death (1992) - «It's a Miracle»
- Jude Cole - A View from 3rd Street(1990) - «Time for Letting Go», «Compared to Nothing» - Start the Car (1992) - «Open Road», «Tell The Truth».
- Paul Young - The Crossing (1993)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jeff Porcaro» frå Wikipedia på engelsk, den 7. januar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Stan Getz - Apasionado CD Album». Webcache.googleusercontent.com. Henta 24. oktober 2011.
- ↑ «The Sheffield Catalog // Sheffield Lab Audiophile Recordings | The reference standard for musical and sonic excellence». Webcache.googleusercontent.com. 9. oktober 2011. Arkivert frå originalen 11. oktober 2011. Henta 24. oktober 2011.
- ↑ «Freedrumlessons.com». Freedrumlessons.com. Henta 7. januar 2015.[daud lenkje]
- ↑ 4,0 4,1 Ruhlmann, William. «Jeff Porcaro». AllMusic. Henta 7. januar 2015.
- ↑ «liner notes «Paid vacation», see quote about «One man»». Geocities.jp. Henta 9. desember 2010.