Donald Runnicles
Sir Donald Cameron Runnicles, OBE HonFRSE, (fødd 16. november 1954) er ein skotsk dirigent.
Donald Runnicles | |||
| |||
Fødd | 16. november 1954 (70 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Edinburgh | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Sjanger | klassisk musikk | ||
Verka som | dirigent, sjefsdirigent, musikar | ||
Prisar | kommandør i den britiske imperieorden, offiser av Den britiske imperieordenen, Knight Bachelor |
Liv og virke
endreDonald Runnicles blei fødd i Edinburgh i 1954 som son av William Runnicles, som var direktør for eit møbelforsyningsføretak i tillegg til kormeister og organist, og Christine Runnicles.[1] Han byrja utdanninga si ved George Heriot's School i Edinburgh, og byrja seinare ved George Watson's College, som gav spesialisert musikkutdanning. Deretter studerte han ved University of Edinburgh og St John's College i Cambridge. Han studerte i eit år ved London Opera Centre.
Runnicles byrja operakarrieren sin som songtrenar og assisterande dirigent i Mannheim i Tyskland.[2] Han blei Generalmusikdirektor for byen Freiburg i 1989. I samband med dei ti åra han budde i Tyskland, har Runnicles sagt:
- «I have to breathe this air, this Wagnerian air. It was life-changing and that love affair with Wagner led to what was influenced by him: the Bruckner, the Mahler.»[3]
I USA var Runnicles musikalsk leiar og hovuddirigent for San Francisco Opera frå 1992 til 2009.[4][5][6] Runnicles var gjestande hovuddirigent for Atlanta Symphony Orchestra frå september 2001 til og med 2021-2022-sesongen.[7][8][9] Frå 2001 til 2007 var han hovuddirigent for kammerorkesteret Orchestra of St. Luke's i New York.[10] Han blei musikalsk leiar for Grand Teton Music Festival i september 2005, etter å ha blitt utnemnd i august.[11] Kontrakten hans med Grand Teton blei forlenga til 2011,[12] og vidare til 2019.[13]
Runnicles dirigerte BBC Scottish Symphony Orchestra (BBC SSO) for fyrste gong i 2001.[1] I oktober 2007 kunngjorde BBC SSO at Runnicles vart blitt utnemnd som neste hovuddirigenten i september 2009, med ein fyrste kontrakt på tre år.[14][15][16] Utnemninga var den fyrste hovuddirigentstillinga til Runnicles med eit britisk orkester.[17] I september 2011 forlenga BBC SSO kontrakten hans til 2015.[18] I oktober 2014 meldte orkesteret at Runnicles skulle slutta som hovuddirigent i september 2016.[18] Den siste konserten hans i stillinga var den 28. august 2016,[19] og han har no tittelen som dirigent emeritus for BBC SSO.
I oktober 2007 kunngjorde Deutsche Oper Berlin at Runnicles var utnemnd til neste Generalmusikdirektor, med verknad frå august 2009 og ein fyrste kontrakt på fem år.[20] I desember 2016 kunngjorde kompaniet at han kontrakten var forlenga til 2022.[21] I november 2020 blei ei ny forlenging kunngjort, til 2027.[22][23] I september 2023 kunngjorde Deutsche Oper Berlin at Runnicles ville gå av som GMD ved slutten av sesongen 2025-2026, ein sesong før den siste kontraktforlenginga, etter eigen førespurnad frå Runnicles.
I desember 2022 var Runnicles gjestedirigent for Dresden-filharmonien for fyrste gong. I desember 2023 kunngjorde Dresden Philharmonic at ville bli utnemnd som neste dirigent, med verknad frå sesongen 2025-2026.[24]
Runnicles har to døtrer, Ashley og Tamara,[2][25] frå ekteskapet sitt med den sørafrikanske fiolisten Elizabeth Prior,[25] og ei eldre dotter, Alexandra, frå eit tidlegare forhold. Han blei seinare gift med den kanadiske pilatesinstruktøren Adelle Eslinger.[26]
Prisar og utmerkingar
endreRunnicles har æresdoktorat frå University of Edinburgh og Royal Scottish Academy of Music and Drama (frå februar 2011).[27] I 2019 blei Runnicles vald til æresmedlem av Royal Society of Edinburgh.[28] Runnicles blei utnemnd til riddar i Storbritannia i 2020 for tenester innan musikk.[29][30]
Diskografi
endre- Beethoven: Symphony No. 9, Atlanta Symphony Orchestra
- Bellini: I Capuleti e i Montecchi / Jennifer Larmore
- Britten: Peter Grimes / Metropolitan Opera DVD 2008
- Britten: Billy Budd / Bo Skovhus, Vienna Festival 2001.
- Britten: Sinfonia da Requiem / Elgar, Davies, Turnage
- Gluck: Orfeo ed Euridice (Berlioz version) / Jennifer Larmore, Dawn Upshaw, San Francisco Opera (SFO).[31]
- Humperdinck: Hansel und Gretel / Larmore, Ziesak.
- Korngold: Die tote Stadt / Salzburg Festival 2004.
- MacMillan: Violin Concerto and Symphony No. 4/ BBC Scottish Symphony Orchestra, 2016.
- Mozart: Requiem / Levin Edition.
- Mozart: Symphony No. 39 and Symphony No. 41 "Jupiter" / Orchestra of St. Luke's, 2011.
- Orff: Carmina Burana / Hong, Atlanta.
- Puccini: Turandot / Éva Marton, Michael Sylvester. SFO. (DVD, Naxos Records)[32]
- Strauss: Capriccio / Kiri Te Kanawa, Tatiana Troyanos, Director: Peter Maniura. SFO. (DVD)[33]
- Strauss: Ein Heldenleben, and others / NDR SO Hamburg.
- Strauss: Four Last Songs; Wagner: Liebestod / Christine Brewer.
- Wagner: Tristan und Isolde / Brewer, Treleaven, Rose.
- Wagner: Wesendonck Lieder; Strauss: Four Last Songs; Alban Berg: Seven Early Songs / Jane Eaglen, London Symphony Orchestra
- Wagner: Arias, Wesendonck Lieder / Jonas Kaufmann, DO
- Wagner: Der Ring des Nibelungen / 'Orchestral Scenes', Dresden Staatskapelle
- Wallace: Harvey Milk / San Francisco Opera
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Tim Cornwell (10. oktober 2009). «Interview: Donald Runnicles – Conducting electricity». The Scotsman. Arkivert frå originalen 2. februar 2013. Henta 1. oktober 2011.
- ↑ 2,0 2,1 Stephen Moss (11. desember 2002). «Remember my name». The Guardian. Henta 14. september 2008.
- ↑ BBC Radio 3's Performance on 3, 26. januar 2010
- ↑ Ben Mattison (16 November 2004). «San Francisco Opera Music Director Donald Runnicles Extends His Tenure». Playbill Arts. Henta 21. desember 2007.
- ↑ Matthew Westphal (18. september 2006). «Donald Runnicles's Contract at San Francisco Opera Will Not Be Renewed». Playbill Arts. Henta 21. desember 2007.
- ↑ Joshua Kosman (16. september 2006). «Runnicles won't renew contract with S.F. Opera». San Francisco Chronicle. Henta 3. oktober 2007.
- ↑ Ben Mattison (21 September 2005). «Atlanta Symphony Extends Contracts of Spano and Runnicles». Playbill Arts. Henta 23. desember 2007.
- ↑ Rosalind Bentley (18. januar 2012). «Runnicles extends ASO contract». Access Atlanta. Arkivert frå originalen 21. januar 2012. Henta 19. januar 2012.
- ↑ Taylor Grant (23. mars 2022). «Atlanta Symphony's 2022-23 Season: Stutzmann's First, Runnicles's Last» (PDF). Musical American. Henta 24. desember 2023.
- ↑ Allan Kozinn (3. februar 2002). «A Courtship of Conductor and Orchestra». The New York Times. Henta 25. desember 2011.
- ↑ Emily Quinn (29. august 2005). «Donald Runnicles Named Next Music Director of Grand Teton Music Festival». Playbill Arts. Henta 23. desember 2007.
- ↑ Joshua Kosman (2. oktober 2007). «Opera's Runnicles to lead BBC Scottish Symphony Orchestra». San Francisco Chronicle. Henta 20. november 2007.
- ↑ «Maestro Runnicles Renews Grand Teton Music Festival Contract Through 2019» (Press release). 9. juli 2014. Arkivert frå originalen 25. oktober 2014. Henta 25. oktober 2014.
- ↑ Tim Cornwell, "Conductor back after 18 years to lead BBC Scottish Symphony Orchestra". The Scotsman, 2. oktober 2007.
- ↑ Matthew Westphal (1. oktober 2007). «Homecoming: Donald Runnicles to Succeed Ilan Volkov at BBC Scottish Symphony Orchestra». Playbill Arts. Henta 14 September 2008.
- ↑ Kenneth Walton (6. mai 2009). «Donald Runnicles interview: The return of the prodigal son». The Scotsman. Henta 22. september 2009.
- ↑ «Donald Runnicles extends his contract with the BBC SSO» (Press release). BBC Scottish Symphony Orchestra. September 2011. Henta 1. oktober 2011.
- ↑ 18,0 18,1 «Donald Runnicles to become BBC Scottish Symphony Orchestra's Conductor Emeritus» (Press release). BBC Scottish Symphony Orchestra. 22. oktober 2014. Henta 25. oktober 2014.
- ↑ Kate Molleson (29. august 2016). «Gurrelieder review – almighty blast of Schoenberg rounds off festival». The Guardian. Henta 3. oktober 2016.
- ↑ Matthew Westphal (31. oktober 2007). «In Sudden Appointment, Donald Runnicles Named Next Music Director of Deutsche Oper Berlin». Playbill Arts. Arkivert frå originalen 1. november 2007. Henta 1. november 2007.
- ↑ «Vertragsverlängerung mit Donald Runnicles» (Press release). Deutsche Oper Berlin. 7. desember 2016. Arkivert frå originalen 20. desember 2016. Henta 13. desember 2016.
- ↑ «Vertragsverlängerungen der Leitungsspitze der Deutschen Oper Berlin» (Press release). Deutsche Oper Berlin. 2. november 2020. Henta 3. november 2020.
- ↑ «Sir Donald Runnicles verlässt die Deutsche Oper Berlin bereits 2026» (Press release). Deutsche Oper Berlin. 1. september 2023. Henta 12. september 2023.
- ↑ «Sir Donald Runnicles soll Chefdirigent der Dresdner Philharmonie werden» (Press release). Stadt Dresden. 20. desember 2023. Henta 24. desember 2023.
- ↑ 25,0 25,1 "Conductor returns to the source". The Times, 1. mars 2009.
- ↑ James Ehnes (27. september 2017). «Violinist James Ehnes on the Majestic Sights & Musical Moments at the Grand Teton Music Festival». Strings Magazine. Henta 12. oktober 2020.
- ↑ Bell, Katie. «Distinguished conductor to receive honorary doctorate at The RSAMD». Henta 23. april 2023.
- ↑ «Dr Donald Cameron Runnicles OBE HonFRSE» (på engelsk). Henta 15. mars 2019.
- ↑ «No. 63135». The London Gazette (Supplement): B2. 10. oktober 2020.
- ↑ «Birthday 2020 Diplomatic Service and Overseas List» (PDF) (Press release). Government of the United Kingdom. 9. oktober 2020. Henta 12. oktober 2020.
- ↑ «Gluck Orphée et Eurydice Berlioz version: Larmore, Upshaw, Hagley, Runnicles». Donald Runnicles. Henta 30. august 2017.
- ↑ «PUCCINI, G. : Turandot (San Francisco Opera, 1994) (NTSC) - 100089». Naxos Records. Henta 30. august 2017.
- ↑ Pasles, Chris. «TV REVIEWS: Kiri Te Kanawa in Strauss' 'Capriccio'». Henta 30. august 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Donald Runnicles» frå Wikipedia på engelsk, den 17. mars 2024.