Donato Bramante, eigentleg Donato di Pascuccio d’Antonio, (144411. mars 1514) var ein italiensk arkitekt frå Fermignano i dagens Marche-region. Saman med Michelangelo og Rafael vert han rekna som grunnlegjar av høgrenessanse-arkitekturen.

Donato Bramante

Fødd 1444
Fermignano
Død

11. april 1514 (70 år)
Roma

Yrke arkitekt, kunstmålar, ingeniør
Språk italiensk
Donato Bramante på Commons
Tempietto i Roma
Santa Maria della Pace i Roma

Han utdanna seg til arkitekt hos Luciano Laurana i Urbino. I 1476 reiste Bramante til Milano, året etter arbeidde han som fasademålar i Bergamo. Han var så byggmeister for fyrste gong i 1479, eit byggeoppdrag som Sforza-familien i Milano kosta. Han arbeidde i Milano dei neste tjue åra.

Bramante flytta til Roma i 1499. Der studerte han ruinane av bygningar frå antikken, og utvikla ein byggestil i retning den såkalla høgrenessansearkitekturen, som han altså vert rekna som medgrunnleggjar av. Han fekk fleire oppdrag av pave Julius II, mellom andre rundtempelet Tempietto i klostergarden til San Pietro in Montorio-kyrkja på Janiculum-høgda i Roma, bygt i 1502. Bygninga består av eit podium og eit kuppeldekt rom, omgjeve av seksten toskanske søyler.

Klostergarden ved kyrkja Santa Maria della Pace var Bramantes fyrste store verk i Roma, reist frå 1504. Han har harmoniske proporsjonar, arkadar med murpillarar og pilastrar opp mot ein mindre overetasje.

I 1506 gav paven oppdrag med å byggje ein ny Peterskyrkje til Donato Bramante. Med ettersom Bramante døydde i 1514, finst lite att av hans arkitektur i det som vart den Peterskyrkja som stod ferdig eit hundreår seinare.

Bramante var også aktiv målar, men berre få verk er bevart.

Han døydde i Roma.

Kjelder endre