Opna hovudmenyen

Donkeyboy er ei popgruppe frå Drammen i Noreg, skipa i 2005. Gruppa er ihopsett av Cato Sundberg (vokal/rytmegitar), Kent Sundberg (synth/støttevokal), Peter Michelsen (gitar/støttevokal), Thomas Drabløs (trommer), og Alexander Garborg Ågedal (bassgitar).

Donkeyboy
Donkeyboy.jpg
OpphavDrammen i Noreg
Aktiv2005 —
Sjangerpop, rock
Tilknytte artistarLinnea Dale
PlateselskapWarner Music Norway
MedlemmerCato Sundberg
Kent Sundberg
Thomas Drabløs
Peter Michelsen
Alexander Garborg Ågedal
PrisarSpellemannprisen for årets nykommer, Spellemannprisen for årets hit, Spellemannprisen for årets musikkvideo

Donkeyboy skreiv avtale med Warner Music etter at ein tilsett i selskapet kom over MySpace-profilen deira[1]. Debutsingelen Ambitions blei lansert 26. mars 2009 og fekk høg rotasjon på NRK P3[2], og to veker seinare låg han inne som #7 på VG-lista Topp 20[3]. 29. juni 2009 var låten den mestseljande singelen i Noreg, og singelen blei verande på fyrsteplass fram til andresingelen Sometimes tok over 22. september. Linnea Dale frå Tinn i Telemark, òg kjent frå 2007-sesongen av Idol, medverkar som vokalist på båe singlane.

Donkeyboy sitt fyrste album Caught in a Life blei lansert 19. oktober 2009 og fekk terningkast fire frå Aftenposten[4] og Dagbladet[5]. Under Spellemannprisen 2009 håva gruppa inn med prisar for både årets nykomar med plata Caught in a Life, og prisen for årets hit og årets musikkvideo for Ambitions.

ReferansarEndra

  1. Narverud Moen, Siri (23. april 2009). «Slik fikk Donkeyboy platekontrakt». NRK P3. Henta 27. mai 2009. 
  2. Myrvold, Kine (26. mars 2009). «DonkeyBoy A-listet på P3». Drammens Tidende. Henta 27. mai 2009. 
  3. «DonkeyBoy debuterer på VG-lista». Drammens Tidende. 9. april 2009. Henta 27. mai 2009. 
  4. Gjestad, Robert Hoftun (16. oktober 2009). «Bedre enn fryktet». Aftenposten. Henta 22. oktober 2009. 
  5. Bakke, Sven Ove (15. oktober 2009). «I skyggen av sin egen hit». Dagbladet. Henta 22. oktober 2009. 

BakgrunnsstoffEndra