Linnea Dale
Linnea Dale (fødd 22. april 1991) er ein norsk songar og låtskrivar frå Tinn.
Linnea Dale | |||
| |||
Fødd | 22. april 1991 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Tinn i Telemark i Noreg | ||
Fødenamn | Linnea Dale | ||
Opphav | Noreg | ||
Aktiv | 2007–i dag | ||
Instrument | Vokal, piano | ||
Tilknytte artistar | Donkeyboy | ||
Gift med | Thomas Aslaksen |
Dale deltok i Idol på TV 2 i 2007. I semifinalen 10. oktober song ho den sjølvkomponerte låta «What Do I Know About Love», og ho vart røysta ut frå tevlinga 16. november etter å ha sunge ein låt av a-ha, som var kveldens tema. I seinare tid har ho utmerkt seg som gjestevokalist på dei bestseljande singlane «Ambitions», Sometimes og Awake med musikkgruppa Donkeyboy.[1]
Den første soloplata hennar Lemoyne Street kom ut i april 2012, med produsenthjelp frå Øystein Greni og Nikolai Eilertsen frå BigBang. EP-en Children of the Sun blei lansert 27. januar 2012 og singelen And Then the Sun Comes Up kom 14. mars 2012.
Den andre soloplate Good Goodbyes kom ut i april 2014, med produsent og låtskrivarhjelp frå Paal Waaktaar og Kim Edward Bergseth. Dale tok del i Melodi Grand Prix 2014 med låta «High Hopes» frå albumet.
Kjelder
endre- ↑ «Linnea Dale også i ny Donkeyboy-single». Radio Rjukan. 14.09.2009. Henta 23.09.2009.[daud lenkje]
Bakgrunnsstoff
endre- MySpace-profil
- Radio Rjukan:Linnea Dale på 6. plass på VG-lista Arkivert 2009-06-20 ved Wayback Machine.
- «Bli kjent med artistene» (på norsk). Norsk rikskringkasting. Henta 1. februar 2014.
- Steinar Solås Suvatne og Christian Wiik Gjerde (27. januar 2014). «– Denne musikken vil prege 2014» (på norsk). Norsk rikskringkasting. Henta 1. februar 2014.