Dorcus Inzikuru (fødd 2. februar 1982) er ein ugandisk tidlegare friidrettsutøvar som i 2005 tok Ugandas fyrste VM-gull i friidrett då ho i Helsinki vann 3 000 meter hinder.

Dorcus Inzikuru

Statsborgarskap Uganda
Fødd 2. februar 1982 (42 år)
Yrke maratonløpar, langdistanseløpar
Språk engelsk
Høgd 162 centimeter
Dorcus Inzikuru på Commons

Aktiv endre

Inzikuru vart juniorverdsmeister på 5 000 meter i 2000. Året etter vart ho nummer to på distansen i afrikameisterskapen, einast Berhane Adere frå Etiopia var betre.

Den 14. juni 2005 sette Inzikuru i Aten ugandisk rekord på 3 000 m hinder med tida 9.15,0. Under verdsmeisterskapen i Helsinki tok ho gullmedaljen i hinderløpet, etter ei råsterk sisterunde braut ho mållinja på 9.18,2 og slo sølvmedaljør Jekaterina Volkova frå Russland med over to sekundar og bronsevinnaren med over åtte sekundar. Året etter vann Inzikuru 3 000 m hinder også under samveldeleikane i Melbourne, då med tida 9.19,5.

Inzikuru budde og bur i Italia.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • VM 2003 i Paris: Utslått i kvalifiseringa (16.00,9 =nr 28)
  • OL 2004 i Aten: Utslått i kvalifiseringa (15.38,5 =nr 24)
  • VM 2005 i Helsinki: Gullmedalje i 3000 m hinder – 9.18,2, framom Jekaterina Volkova (9.20,4)
  • OL 2012 i London: Utslått i kvalifiseringa i 3000 m hinder (9.35,2 =nr 20)