Berhane Adere
Berhane Adere (fødd 21. juli 1973) er ein etiopisk tidlegare langdistanseløpar som vart verdsmeister på 10 000 meter i 2003 og elles vann to VM-sølv på same distansen.
Berhane Adere | |
Statsborgarskap | Etiopia |
Fødd | 21. juli 1973 (51 år) Shewa |
Yrke | maratonløpar, friidrettsutøvar, langdistanseløpar |
Høgd | 170 centimeter |
Berhane Adere på Commons |
Etter fire sesongar med gode internasjonale resultat lukkast Adere i 2001 vinne ein medalje i eit stort meisterskap. Under VM 2001 i Edmonton tok ho sølvmedaljen på 10 000 meter, fattige fire hundredels sekund bakom landskvinna Derartu Tulu. Året etter vann Adere gull på 5 000 meter i afrikameisterskapen og i halvmaraton.
2003-sesongen innleia Adere med å verte innandørs verdsmeister på 3000 meter. Den 27. juni presterte ho råsterke 14.29,3 på 5 000 meter i Oslo. Høgdepunkt kom likevel under VM 2003 i Paris med siger på 10 000 meter. Vinnartida 30.04,1 var etiopisk rekord inntil Tirunesh Dibaba slo rekorden i 2008. I friidretts-VM 2005 i Helsinki sikra Adere seg ein ny sølvmedalje på 10 000 meter, bakom nemnde Dibaba.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- VM 1993 i Stuttgart: Utslått i kvalifiseringa på 10 000 meter (33.20,6)
- VM 1995 i Göteborg: Utslått i kvalifiseringa på 10 000 meter (33.14,7)
- OL 1996 i Atlanta: Nr 18 – 32.57,3
- VM 1997 i Aten: Nr 4 – 31.48,9
- VM 1999 i Sevilla: Nr 7 – 31.32,5
- OL 2000 i Sydney: Nr 12 – 31.40,5
- VM 2001 i Edmonton: Sølvmedalje på 10000 m – 31.48,85, bakom Derartu Tulu (31.48,81)
- VM 2003 i Paris: Gullmedalje på 10000 m – 30.04,1, nr 10 på 5000 m – 14.58,0
- VM 2005 i Helsinki: Sølvmedalje på 10000 m – 30.25,4, bakom Tirunesh Dibaba (30.24,0)
- OL 2008 i Beijing: Braut maratonløpet
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Berhane Adere» frå Wikipedia på tysk, den 9. september 2017.