Ein dory er ein mindre båt som under fiske vert brukt saman med eit moderfartøy. I norsk fiskeri har ein brukt to ulike dorytypar.

Dory måla av Winslow Homer

Den doryen som vart brukt til linefiske kom frå austkysten av Nord-Amerika. I Noreg vart han teken i bruk på 1890-talet. I 1890 deltok eit fiskefartøy frå Gloucester i Massachusetts i bankfiske på Sunnmørskysten. Ein dory vart selt frå dette fartøyet - truleg til Nordland Fiskeriforening. Tidlegare brukte norske lineskøyer ein større og tyngre småbåt til å sette og dra liner. Det var den såkalla svenskerullen. Doryen var mykje lettare og enklare å handtere. Han hadde flat botn og var utan faste tofter. Dette gjorde at fleire doryar kunne stablast i kvarandre. Fiskefartøya kunne då ta fleire, gjerne dobbelt sa mange doryar som svenskerullar. Sjølv om fiskarane i byrjinga var skeptisk til denne flatbotna båten, vart han snøgt vanleg. Det vart etter kvart gjort endringar på linedoryane. Medan den typen som kom frå Amerika var spiss bak, gav nordmennene han spegel, slik at han vart breiare. På den måten vart det betre plass når lina skulle kastast. Båtar med denne endringa vart kalla doris.[1] Dei var gjerne 14-16 fot.

Doryen som vart brukt under snurpefiske var ein større og kraftigare båt. Han vart og kalla notbåt eller posebåt. Snurpenota vart teken i bruk til sildefiske tidleg på 1900-talet. For å sette ut nota og snurpe ho saman, vart det brukt to båtar. I starten vart desse båtane framdrivne av roarar. Etter kvart som nøtene vart større, vart og doryane større. Då det kom brukbare motorar vart dei innsette i notbåtane. Det minka på slitet til fiskarane, og større fart i setting av nota gjorde det lettare å fange silda. Fiskefartøyet kunne heise notdoryane opp etter davitar slik at dei hang ein på kvar side. Dei viktigaste distrikta for bygging av slike båtar var Hardanger og Tresfjord i Møre og Romsdal. Då kraftblokka kom i bruk til snurpefiske, var det ikkje bruk for snurpedoryane lenger. Mange vart selde til bruk som fritidsbåtar.

Kjelder endre

Fotnotar
  1. Odd Vollan: Ein skipper og hans samtid

  • Odd Vollan: Ein skipper og hans samtid. Aalesunds Museums skrift nr. 23. 1993
  • Arne. R. Hole: Båter og Kystfolk, Aschehoug, 2007.
  • Åsmund Kristiansen: Dory - forsøk på en oppklaring. Kysten nr 2 2009.
  • Brynjar Stautland: Frå Klondyke til katastrofe. Vestlandsk sildefiske på Island. Det Norske Samlaget 2002