Winslow Homer
Winslow Homer (24. februar 1836–30. september 1910) var ein US-amerikansk sjangermålar. Mange av bileta hans er nært knytt til naturalismen, med motiv frå landlivet i Nord-Amerika i andre halvdelen av 1800-talet.
Winslow Homer | |
![]() Winslow Homer i 1880 | |
Fødd | 24. februar 1836 Boston |
Død |
29. september 1910 (74 år) |
Yrke | kunstmålar, fotograf, grafikar, illustratør |
Winslow Homer på Commons |
Liv og gjerningEndra
Homer vart over to å utdanna til litograf i fødebyen Boston. Frå 1859 heldt han fram studiet på nasjonalakademiet i New York. Han vann seg først eit namn som illustratør. Arbeida hans var å sjå både i bøker og tidsskrift. Framgangen kom særleg etter utbrotet av borgarkrigen i 1861. Krigsscenene hans stod ofte på trykk i vekebladet Harpers Weekly.
Etter eit opphald i Europa 1867-68 stilte Homer årleg ut sine sjangermåleri. Måleria hans i olje eller vassfarge vart høgt verdsette for sitt råkande røyndomspreg, den kraftige karakteristikken og pene, men flyktig handsama koloritten. Krigsfangar ved fronten, Home, Sweet Home og Zuavar som kastar på skive er mellom dei viktigaste verka hans frå den tid. Seinare fylgde bilete Som du vil, Middagstid, Søndagsmorgon, Onkel Ned heime, Den gamle damas besøk, og akvarellane Gartnardottera og Etter badet.
Homer døydde ved Scarborough i delstaten Maine.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Winslow Homer» frå Wikipedia på dansk, den 1. april 2012.