Douglas Fairbanks

Douglas Fairbanks sr. (23. mai 188312. desember 1939) var ein amerikansk skodespelar, filmforfattar, regissør og filmprodusent, og som er kjend for romantiske, atletiske roller i stumfilmar som The Mark of Zorro (Zorros merke, 1920), The Three Musketeers (De tre musketerer, 1921), Robin Hood (1922), The Thief of Bagdad (Tyven i Bagdad, 1924) og The Black Pirate (Den sorte pirat, 1926).[1] Han var med på å skipa filmselskapet United Artists i 1919.[2] Fairbanks er blitt kalla «kongen av Hollywood», og har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

Douglas Fairbanks

Fødd23. mai 1883
FødestadDenver
Død12. desember 1939 (56 år)
DødsstadSanta Monica
FødenamnDouglas Elton Thomas Ullman
Aktive år1915–1934
Verka sommanusforfattar, filmregissør, filmprodusent, skribent, forretningsdrivande, filmskodespelar, teaterskodespelar, stuntmann, skodespelar, produsent
MorElla Adelaide Marsh
FarHezekiah Charles Ullman
EktefelleMary Pickford, Sylvia Ashley, Anna Beth Sully
BornDouglas Fairbanks
PrisarÆres-Oscar, stjerne på Hollywood Walk of Fame

Douglas vart fødd som Douglas Elton Thomas Ullman i Denver i Colorado.[2] Han var son av Hezekiah Charles Ullman (fødd 1833) og Ella Adelaide Marsh (fødd 1850), halvbror av John Fairbanks (fødd 1873) og bror av Robert Payne Ullman (1882–1948).

Fairbanks var gift med Anna Beth Sully og seinare med skodespelaren Mary Pickford frå 1920 til 2935.[1] Sonen hans frå det første ekteskapet, Douglas Fairbanks jr. (1909–2000), var òg skodespelar.[2]

Det amerikanske filmstjerneparet Douglas Fairbanks (til venstre) og Mary Pickford i Oslo sommaren 1924.
Foto: Narve Skarpmoen/Nasjonalbibliotekets bildesamling

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Douglas Fairbanks | Silent film, swashbuckler, producer | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), 20. januar 2024, henta 28. februar 2024 
  2. 2,0 2,1 2,2 Svendsen, Trond Olav (22. august 2023). «Douglas Fairbanks». Store norske leksikon (på norsk). 

Bakgrunnsstoff

endre