Gladys Louise Smith (8. april 189229. mai 1979) var ein kanadisk-amerikansk skodespelar, filmprodusent og manusforfattar kjend under kunstnarnamnet Mary Pickford.

Mary Pickford
Mary Pickford cph.3c17995u.jpg
Fødd8. april 1892
FødestadToronto
Død29. mai 1979 (87 år)
DødsstadSanta Monica
FødenamnGladys Louise Smith
AliasMary Pickford
Aktive år1909–1949
Verka somfilmprodusent, filmskodespelar, filmregissør, manusforfattar, skribent, teaterskodespelar, skodespelar
MorCharlotte Hennessy
FarJohn Charles Smith
EktefelleOwen Moore, Douglas Fairbanks, Charles "Buddy" Rogers, Charles "Buddy" Rogers
PrisarOscar for beste kvinnelige hovedrolle, Æres-Oscar, Canada’s Walk of Fame

Pickford grunnla filmselskapet United Artists i 1919, saman med Douglas Fairbanks, Charlie Chaplin og D.W. Griffith. Ho var gift med Fairbanks frå 1920 til 1936. I 1927 var Pickford òg med på å grunnleggja Academy of Motion Picture Arts and Sciences, som står bak oscarprisutdelinga.[1]

Pickford vann Oscar for beste kvinnelege hovudrolle for rolletolkinga si i dramafilmen Coquette (1929). Ho trekte seg tilbake som skodespelar i 1933. Pickford fekk ei stjerne på Hollywood Walk of Fame i 1960 og vart tildelt ein æresoscar i 1976. I 1999 vart ho kåra til den 24. største kvinnelege filmlegenda gjennom tidene av Det amerikanske filminstituttet.

Det amerikanske filmstjerneparet Douglas Fairbanks (til venstre) og Mary Pickford i Oslo sommaren 1924.
Foto: Narve Skarpmoen/Nasjonalbibliotekets bildesamling

I stordomstida si var Pickford kjend som «America's Sweetheart»[2][3][4] og «the girl with the curls».[5] Pickford var kjend for dei lange slangekrøllane sine, men i 1928 følgde ho moten og klippa dei av, noko som fekk amerikanske aviser til å skriva at uskuldstida var forbi.[treng kjelde]

KjelderEndra

  1. «Mary Pickford, 86, First Great Film Star, Dies Five Days After Massive Stroke». Daily Variety: 1. May 30, 1979. 
  2. Baldwin, Douglas; Baldwin, Patricia (2000). The 1930s. Weigl. s. 12. ISBN 1-896990-64-9. 
  3. Flom, Eric L. (2009). Silent Film Stars on the Stages of Seattle: A History of Performances by Hollywood Notables. McFarland. s. 226. ISBN 978-0-7864-3908-9. 
  4. Sonneborn, Liz (2002). A to Z of American Women in the Performing Arts. Infobase. s. 166. ISBN 1-4381-0790-0. 
  5. California, Women's Museum of (27. juni 2018), «The Girl With the Curls», Women’s Museum of California (på engelsk), henta 21. juli 2020