Douglas Hartree
britisk fysikar og matematikar
Douglas Hartree (27. mars 1897–12. februar 1958) var ein britisk matematikar og fysikar. Hartree er kjend for utviklinga av praktiske reknemetodar og reknemaskinar til bruk i praktisk fysikk, men er mest kjend for utrekningar av bølgjefunksjon til atomet og skildringa av kraftfeltet kring atomkjernen.
Douglas Hartree | |||
Fødd | Douglas Rayner Hartree 27. mars 1897 Cambridge | ||
---|---|---|---|
Død | 12. februar 1958 Cambridge | ||
Nasjonalitet | Storbritannia | ||
Område | teoretisk fysikk, numerisk analyse, atomfysikk, matematikk, fysikk | ||
Yrke | matematikar, fysikar, informatikar, kjemikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | Victoria University of Manchester University of Cambridge Ministry of Supply University of Cambridge | ||
Alma mater | St John's College Bedales School University of Cambridge | ||
Doktorgradsrettleiar | Ernest Rutherford | ||
Medlem | Royal Society Manchester Literary and Philosophical Society |
Frå 1929 til 1937 var han professor i bruksmatematikk i Manchester, og fram til 1946 var han professor i teoretisk fysikk på same stad. Han vart så professor i matematikk i Cambridge.
Kjelder
endre- Douglas Hartree. () I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Douglas_Hartree