Douma er ein landsby i Libanon som ligg kring 1000 moh. Han ligg 80 km frå Beirut, 30 km frå Jbeil og 43 km frå Tripoli. Douma er ein del av Batroun distrikt og ligg i ein dal omgjeve av fjell. Nesten alle husa er bygd av raud murstein. Området er rikt på oliventre, vinranker og epletre.

Douma
by
Land  Libanon
Guvernement Libanonfjella guvernement
Distrikt Batroun distrikt
Høgd 1 000 moh.
Koordinatar 34°12′N 35°50′E / 34.200°N 35.833°E / 34.200; 35.833
Kart
Douma i Libanon
34°12′00″N 35°50′00″E / 34.2°N 35.83333333°E / 34.2; 35.83333333
Wikimedia Commons: Douma, Lebanon

Historie endre

Douma har vore vitne til forskjellige sivilisasjonar som Det gamle Hellas, Romarriket og Tyrkia, men Det osmanske riket har etterlate det mest varige inntrykket på innbyggjarane i Douma.

På bytorget står ein sarkofag frå 300-talet evt. med ein gresk inskripsjon som seier at det var gravstaden til Castor, som døydde i 317 evt.

Emir Youssef Shehab førte tidleg på 1800-talet kristne til byen, i håp om å få betre avlingar og dermed høgare skattar. Sidan den gong har landsbyen vore ein kristen landsby, og dei fleste innbyggjarane høyrer til den gresk-ortodokse kyrkja.

Etymologi endre

Namnet Douma er av gresk opphav og tyder «hus», «slott» eller «borg». Douma kjem òg frå det latinske ordet «Doman» som vart nytta om ei dronning (Julia Domna) som var kjend for venleiken og intelligensen sin. Ho var fødd i Aleppo i 170 fvt., og var dotter til ein prest av solguden som vart dyrka i Aleppo. Ho var gift med den romerske keisaren Septimius Severus som bygde eit palass for henne i landsbyen, som seinare to namnet hennar.

Douma er òg kalla «Douma El Hadid» (Douma av jern eller Jern-Douma) på grunn av mykje jern i jordsmonnet og dei dugande smedane som heldt til her.

Utvikling endre

Mesteparten av infrastrukturen og husa i Douma vart bygde mellom 1881 og 1914. Dette var gullalderen i Douma finansiert av emigrantar i Brasil, Argentina og USA. Blant dei kjende husa i Douma er Wa'il Kheir, der historia til huset reflekterer historia til Douma.

Venskapsbyar endre

Kjelder endre