Douma i Syria
Douma (arabisk دوما, Dūmā) er ein by i Syria. Senteret ligg kring 10 km nordaust for sentrum i Damaskus. Han er senteret i Rif Dimashq guvernement (som omringar Damaskus guvernement), og er òg det administrative senteret i Douma-distriktet.
Douma | |||
دوما | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Rif Dimashq guvernement | ||
Distrikt | Douma-distriktet | ||
Høgd | 428 moh. | ||
Koordinatar | |||
Folketal | 110 893 (2004) | ||
![]() Douma i Syria | |||
Wikimedia Commons: Douma, Syria | |||
Under den syriske borgarkrigen var Douma vitne til mange demonstrasjonar mot den syriske regjeringa og kampar mot den syriske hæren og tryggingsstyrkane.[1][2]
Den 30. januar 2012, fekk den syriske hæren kontroll over byen etter ein stor operasjon mot armerte opprørsgrupper i Rif Dimashq guvernement.
Den 26. juni 2014 hadde Den frie syriske armeen kontroll over det meste av forstadane. Kampar og bombing av byen heldt då framleis på.[3]
Sjå ògEndra
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Douma, Syria» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Syria's Douma 'wants its dead'». TVNZ. 3 April 2011. Henta 26. juni 2014.
- ↑ «The Arabic League monitors stoke anti-government demonstrations in Syria». USA Today. 26. juni 2014. Henta 26. juni 2014.
- ↑ Di Giovanni, JANINE (26. juni 2014). «Denial Is Slipping Away as War Arrives in Damaskus». New York Times. Henta 20. oktober 2012.