Down Down
Singel av Status Quo
frå albumet On the Level
B-side

«Nightride»

Utgjeve 29. november 1974
Sjanger Hardrock, bluesrock
Lengd 3:49 (singel)
5:24 (album)
Selskap Vertigo
Komponist Francis Rossi, Bob Young
Låtskrivar(ar) Francis Rossi
Bob Young
Produsent Status Quo
Status Quo-kronologi 
«Break the Rules»
(1974)
Down Down «Roll Over Lay Down»
(1975)


«Down Down» er ein song av det engelske rockebandet Status Quo, skriven av Francis Rossi og Bob Young. Songen kom ut på singel og var dne einaste singelen deira som gjekk heilt til topps på UK Singles Chart, der han låg ei veke i januar 1975.[1] Singelen kom ut 29. november 1974 på Vertigo med B-sida «Nightride». Begge songane kom frå albumet On the Level, som ikkje var komen ut enno. Albumversjonen er over fem minuttar lang, medan singelversjonen er opp under fire minuttar.

Songen heitte opphavleg «Get Down», men dette vart endra før singelen kom ut, kanskje for å unngå forveksling med Gilbert O'Sullivan-songen med same namn.

Mot slutten av livet sitt var DJ John Peel kjend for å spele «Down Down» som ein del av DJ-settet sitt.[2]

I 1986 spelte medlåtskrivaren Bob Young inn ein countryaktig versjon av «Down Down» på soloalbumet In Quo Country.[3]

I 2014 vart songen spelt inn på ny av bandet for det 31. studioalbumet deira, Aquostic (Stripped Bare).

Kjelder endre

  1. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 309. ISBN 1-904994-10-5. 
  2. Mugan, Chris (7. desember 2002). «John Peel's comments on playing 'Down Down', in The Guardian». London. Henta 4. oktober 2018. 
  3. «Back In Quo Country: Expanded Edition – Cherry Red Records». herryred.co.uk. Henta 22. januar 2017. 

Bakgrunnsstoff endre