Opna hovudmenyen

Koordinatar: 59°40′30″N 10°36′56″E

Drøbaksundet med Oscarsborg festning sett frå land, på austsida av fjorden.
Foto: Øyvind Holmstad

Drøbaksundet er eit sund der Oslofjorden smalnar mellom Drøbak i Frogn kommune og Hurum. Drøbaksundet dannar skiljet mellom Indre og Ytre Oslofjord. Sundet var tidlegare verna av Oscarsborg festning. Den tyske kryssaren «Blücher» vart senka i dette sundet 9. april 1940.

Frå Storsand i Hurum og over til Drøbak er sundet om lag 1,2 km breitt, men mellom Kaholmane, der festninga ligg, og Husvik på Drøbakssida er det berre om lag 500 meter breitt.

Oslofjordtunnelen, som opna i 2000, kryssar under sundet frå Storsand til Drøbak.

BakgrunnsstoffEndra