Oslofjordtunnelen
Oslofjordtunnelen er ein undersjøisk tunnel under Oslofjorden i Drøbaksundet for Europaveg 134 (den tidlegare riksveg 23). Tunnelen går mellom Måna i Frogn kommune på austsida av fjorden og Verpen i Hurum i Asker kommune på vestsida, og er med dei tilhøyrande vegane eit viktig tverrsamband mellom Europaveg 6/Europaveg 18 på austsida av Oslofjorden og Drammensområdet. Sambandet vart offisielt opna 29. juni 2000 av kong Harald V.
![]() Munninga av Oslofjordtunnelen på Verpen i Hurum. | |
Lengd | 7 306 meter |
---|---|
Stigning | 7% |
Trafikk | 10 422 (2022)[1] |
Opna | 29. juni 2000 |
![]() Oslofjordtunnelen |
Tunnelen er 7 306 meter lang, i eitt løp med eit køyrefelt i kvar retning, og med eit ekstra krabbefelt i stigningane. Det djupaste partiet ligg 134 meter under havoverflata, og den største stigninga er på 7 %. Altså er det bratte ned- og oppkøyringar i tunnelen.
Tidlegare gjekk det bilferje over fjorden mellom Storsand i Hurum og Drøbak.
ReferansarEndra
- ↑ «Trafikkdata - Ev134 Oslofjordtunnelen». Statens vegvesen.