Dramma per musica
Dramma per musica (italiensk for 'drama for musikk') er eit uttrykk nytta av dramatikarar i Italia og andre stader frå seint på 1600-talet til midten av 1800-talet. Det vart stundom forkorta til berre dramma.[1]
Ein dramma per musica var opphavleg eit drama skrive for at det skulle setjast musikk til, med andre ord ein libretto for ein opera, vanlegvis ein seriøs opera. Uttrykket vart etter kvart nytta om operaer som vart komponert til librettoen og ein variasjon, dramma in musica, som la vekt på det musikalske elementet, vart stundom føretrekt av komponistane.[2]
På 1700-talet vart desse uttrykka, i lag med dramma musicale, hovudsakleg nytta for å skildre seriøse italienske operaer. I dag vert desse kalla opera seria, eit uttrykk som vart lite nytta då dei vart komponerte.
Døme på drammi per musica er Cavallis Erismena (1656), Vivaldis Tito Manlio (1719), Glucks Paride ed Elena (1770), Salieris Armida (1779), Mozarts Idomeneo (1781) og Rossinis Otello (1816), i tillegg til mange librettoar skrivne av Pietro Metastasio.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dramma per musica» frå Wikipedia på engelsk, den 20. april 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Blom, Eric (1971). Everyman's Dictionary of Music, 5th edition, revised by Sir Jack Westrup. London: J M Dent & Sons Limited. ISBN 0-460-02151-6.
- ↑ Warrack, John og Ewan West (1992). The Oxford Dictionary of Opera. Oxford: Oxford University Press. ISBN 0-19-869164-5.