Drava

elv i Sentral-Europa, bielv til Donau
(Omdirigert frå Drau)

Drava (tysk Drau, ungarsk Dráva) er ei elv i sørlege delar av Sentral-Europa. Ho har sitt utspring i Sør-Tyrol i Italia og renn austover gjennom Tirol og Kärnten i Austerrike, inn i Slovenia (145 km), og så søraustover gjennom Kroatia, der ho dannar grensa mellom Kroatia og Ungarn. Til slutt renn ho ut i Donau nær byen Osijek. Ho har ei lengd på 725 km.

Drava
elv
Drava ved Maribor i Slovenia
Land  Italia,  Austerrike  Slovenia,  Ungarn  Kroatia
Nedslagsfelt 11 828 km²
Renn gjennom Maribor, Osijek
Sideelvar Gail, Gurk, Mura
Lengd 749 km
Kjelde Sør-Tyrol i Italia
 •  høgd om lag 1 450 moh.
Munning I Donau ved Osijek i Kroatia
 •  høgd om lag 90 moh.
Kart
Drava
46°43′21″N 12°15′11″E / 46.722469444444°N 12.252988888889°E / 46.722469444444; 12.252988888889
Wikimedia Commons: Drava
Drava ved Drávaszabolcs i Ungarn

Drava renn gjennom Lienz, Spittal an der Drau, Villach, Dieschitz og Ferlach i Austerrike, Dravograd, Vuzenica, Muta, Ruše, Maribor, Ptuj og Ormož i Slovenia, Varaždin og Osijek i Kroatia og Barcs i Ungarn. Ein kan segle på Drava i om lag 90 km frå Čađavica i Kroatia og til munningen.

Dei største sideelvene til Drava er Gail i Austerrike og Bednja i Kroatia frå venstre, og Gurk i Austerrike og Mura (nær Legrad) i Kroatia frå høgre.

Drava ved Vízvár i Ungarn

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Drava