Dreielire er eit musikkinstrument som hadde glansperioden sin i mellomalderen i Europa. Seinare gjekk populariteten attende, og i byrjinga av 1700-talet vart lira sett på som eit typisk tiggarinstrument. Instrumentet har seinare fått ein renessanse og vert flittig bruka av folkemusikkgrupper som ønskjer å gå attende til eldre musikkformer med borduntonar.

Fransk dreielire frå omkring 1760

Historikk endre

Opphavet til dreielira er noko omdiskutert. Mange meiner at ho oppstod på den iberiske halvøya noko før det ellevte hundreåret, andre historikarar meiner at ho kjem frå Nord-Afrika.

Utforming endre

 
Mekanismen til ei dreielire

Dreielira minner i det ytre om nyckelharpa. Lyden oppstår ved at eit hjul, drive av ei sveiv og innsett med harpiks, vert gnidd mot strengene. Dreielira har melodistrenger, bordunstrenger (basstrengar som læt med ein konstant tone) og iblant ein såkalla «knarrestreng» som gjev ein karakteristisk surrande lyd som høver til markeringar og rytmiske effektar. Tonehøgda på melodistrengene vert variert ved å trykkja på tangentar, liksom på nyckelharpa.

Det svenske namnet på dreielire, vevlira, vart laga av svensken Jan Ling, tidlegare har instrumentet i Norden i fleire hundre år nesten berre vorte omtala som lire, og musikkforskarar nytta ofte det franske namnet, vielle.

Kjelder endre