Nyckelharpa (nøkkelharpe) er eit svensk strykeinstrument med tangentar, såkalla «nycklar», som trykkjer mot strengene for å gje rett tonehøgd. For å få fram lyd, vert det bruka ein boge. Nyckelharpa heng på magen på den som spelar om lag som ein gitar, og bogen vert ført nesten lodrett opp mot magen til spelemannen/-kvinna.

Nyckelharpa

Klassifiseringbokslutt med hals spelt på med boge
Hornbostel-Sachs klassifisering321.322-71
Nyckelharpa med boge, moderne utgåve laga av Eric Sahlström
Foto: Karsten Evers
Marco Ambrosini speler nyckelharpa laga av Annette Osann.

Nyckelharpa er eit av dei typiske instrumenta i svensk folkemusikk. Ho har eit sterkt fotfeste i nordre delen av Uppland, men vert spela i heile Sverige.

Historie endre

Nyckelharpa har vore kjend i Sverige minst sidan 1460, då ein har funne henne avbilda i kyrkjekunst, særleg i kalkmåleri. På 1600-talet vart instrumentet vanleg i Uppland. Bruken gjekk attende frå om lag 1920 fram til 1960-talet, då han fekk eit stort oppsving. Opphavet til nyckelharpa er ikkje fastlagt, både Tyskland og Sverige har vore utpeika som opphavsstad. Tidlegare har ein meint at det var vallonarane som innførte nyckelharpa til Sverige, men det trur ein ikkje lenger.

Den tidlege nyckelharpa hadde kanskje ingen resonnansstrengjer, då desse kom til Sverige først på 1700-talet. Kvar dei kom frå er ikkje sikkert, men truleg frå Midt-Austen via England.

Den eldste bevarte nyckelharpa kan vera Moraharpan, bygd ca. 1680.

Nyckelharpespelarar endre

 
Kvinne med nyckelharpa.
Foto: Richard Arthur Norton
 
Didier François underviste den spesielle teknikken sin under Nyckelharpan sin internasjonale dag i Burg Fürsteneck i Tyskland i 2005.

Velkjende musikarar som spelar nyckelharpa er riksspelmennene Leif Alpsjö og Åsa Jinder. Særleg har Alpsjö gjort mykje for å fremja nyckelharpa si stilling i landet, og han var òg ein hovudaktør då ein nyckelharpe organisasjon vart danna i USA i 1995. Åsa Jinder vart rekordung riksspelman i 1979 og gav instrumentet stor merksemd i media. Instrumentet heiter elles nyckelharpa til og med på engelsk.

Dei største profilane i nyckelharpa sin historie er truleg Byss-Calle og Eric Sahlström.

Moderne svensk populærmusikk har drege nytte av nyckelharpa sin karakteristiske lyd, til dømes Hedningarna, Åsa Jinder, Väsen og Nordman, der medlemen Mats Wester også er riksspelman. Verdas mest spreidde nyckelharpeinnspeling er truleg låten dum dum diddleABBA si plate Arrival. Ein musikar som eksperimenterer med ulike former av nyckelharper er Johan Hedin.

Nyckelharpetilskipingar i Sverige endre

Kvart år helga før midtsommar finn nyckelharpestemnet i Österbybruk stad. Det er til og med spelemannstevlingar: På like år vert det halde VM i nyckelharpa, på ulike år ungdomsmeisterskap.

Eric Sahlström Institutet i Tobo driv ei eittårig utdanning i folkemusikk på nyckelharpa.

Nasjonalinstrument? endre

I lang tid har det pågått ein debatt om nyckelharpa skal opphøgjast til svensk nasjonalinstrument. Den eine sida meiner at det er ein risiko for at det fleirkulturelle Sverige skulle splittast om eit så typisk «svensk» instrument som nyckelharpa skulle verta nasjonalinstrument, medan den andra sida meiner at nyckelharpa avspeglar den svenske folkesjela.

Argument for nyckelharpa som svensk nasjonalinstrument:

  1. Den djupe og vemodige klangen avspeglar den svenske folkesjela.
  2. Sjølv om opphavet er omdiskutert, har nyckelharpa vorte utvikla og spreidd først og fremst i Sverige, sidan minst på slutten av 1500-talet.
  3. I Sverige kan ein finna spelemansstemne og tevlingar for nyckelharpa.
  4. Sverige har dei beste utøvarane på nyckelharpa, t.d. Åsa Jinder og Eric Sahlström.
  5. Det finst få andre instrument som skulle passa som svensk nasjonalinstrument.

Argument mot nyckelharpa som svensk nasjonalinstrument:

  1. Forsterking av nasjonale identitetar kan under tragiske omstende føra til internasjonale konfliktar. (Jfr. Samuel Huntingtons Clash of Civilizations.)
  2. Det finst andre instrument som oppfyller dei kriteria som krevst for å opphøgja eit instrument til «nasjonalinstrument» (t.d, som motstandarane argumenterer for, det klassiske og myteomspunne dragspelet).
  3. Både fele og dragspel har vore meir utbreidde enn nyckelharpa og langt viktigare for utvikling, kvalitet og bruk av folkemusikk. Dei passar dessutan betre inn i eit fleirkulturelt samfunn og høyrer saman med mange andre folkmusikalske tradisjonar som finst i Sverige.
  4. Ei utnemning til nasjonalinstrument kan snarare skada enn fremja dette unike instrumentet. Mange er redde for å gje det eit symbolinnhald bestemt av riksdagen.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Nyckelharpa