Drevvatnet
Drevvatnet eller Drevvvassbygda er ei bygd i Vefsn kommune i Nordland. Bygda ligg ved Drevvatnet i Elsfjord sokn. Drevvatn stasjon er stoppestad på Nordlandsbanen. Stasjon vart opna i 1941, og ligg 92,9 moh.
Drevvatnet | |||
innsjø | |||
Drevvatnet frå Toven.
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Kommune | Vefsn | ||
Høgd over havet | 48 moh. | ||
Areal | 4,93 km² | ||
Kystlengd1 | 11,74 km | ||
Koordinatar | 66°3′23″N 13°23′39″E / 66.05639°N 13.39417°E | ||
Drevvatnet 66°03′23″N 13°23′39″E / 66.056388888889°N 13.394166666667°E | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Til Drevvassbygda reknar ein i tillegg til garden Drevvatnet òg gardane Drevvassbukta (og skrive Drevvassbotnet) og Dyrhaugen.
Innsjøen Drevvatnet er 4,956 km² og ligg 48 m.o.h.. Norddelen av vatnet ligg i Elsfjord sokn, men sørdelen, med garden Vasshauet (òg skrive Vasshovud, Vadshaug eller Drevvasshovud) og garden Rognryggen ligg i Drevja sokn, det òg i Vefsn kommune. Ved Vasshauet renn elva Drevja ut. Drevjavassdraget er eit verna vassdrag.
Bakgrunnsstoff
endre- Jernbaneverkets stasjonsoversikt: Drevvatn Arkivert 2006-03-05 ved Wayback Machine.
- Norsk Jernbaneklubbs stasjonsdatabase: Drevvatn
- NVE innsjøatlas Arkivert 2011-03-06 ved Wayback Machine.
- Lenke til Hemnes gård og slekt Arkivert 2008-06-04 ved Wayback Machine.