Bringebær
Bringebær
Bringebær
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Rosefamilien Rosaceae
Underfamilie: Rosoideae
Slekt: Bjørnebærslekta Rubus
Art: Bringebær R. idaeus
Vitskapleg namn
Rubus idaeus

Bringebær eller bringbær (Rubus idaeus) er ein toårig plante i rosefamilien, som vert dyrka for dei søte fruktene han ber.

Botanisk illustrasjon av bringebær

Det første året kjem det kraftige rotskot, som vert til lange (vanlegvis 1,5 m–2 m) stammer med tynne greiner. På seinsommaren det andre året kjem det raude eller gule frukter på greinene. Om hausten døyr heile stamma og vert stiv og sprø, og om våren kjem det nye rotskot.

Villbringebær endre

Dette er ein plante med sirkumpolar utbreiing. Viltveksande bringebær skil seg ikkje mykje frå dei dyrka, men bæra og til dels planten er mindre. Denne vert kring 1 m høg. Dei øvre blada er trekopla. Blada er kvitfilta under. Blomane har grålodne begerblad og opprette kvite kronblad. Villbringebær blomstrar kring juni månad på steinete stader gjennom heile Noreg, men er sjeldan lengst i nord. Planten er funnen opp til 1330 m på Hardangervidda.

Dyrka bringebær endre

Sortar i Noreg endre

Dei fleste odla bringebær ulike hybridar av R. idaeus og R. strigosus.[1]

Gule:

  • Varnes
  • Fallgold
  • Schoenemann

Raude:

  • Asker (Paragon) - dessertbær - fransk sort, kom til Noreg i 1890-åra og vart den første kommersielle sorten
  • Balder
  • Borgund - H6
  • Glen Ample - H6 - skotsk sort nytta frå år 2000
  • Golden Queen - britisk sort frå 1880-åra
  • Hornet - safting og sylting
  • Lloyd George - frå 1919
  • Marlboro - safting og sylting
  • Norna
  • Preussen - dessertbær, tysk sort som kom til Noreg på 1930-talet og delvis tok over etter Asker
  • Stiora
  • Tulameen
  • Vene - H7
  • Veten - safting og sylting - norskutvikla sort på 1950-talet, mykje nytta på Vestlandet

Sortane Asker, Balder, Borgund, Glen Ample, Malling Admiral, Malling Orion, Stiora, Varnes, Vene og Veten står på den offisielle sortslista.[2]

Sjukdommar og skadedyr endre

Galleri endre

Kjelder endre

  1. Huxley, A., red. (1992). New RHS Dictionary of Gardening. Macmillan ISBN 0-333-47494-5
  2. Offisiell sortsliste 2012[daud lenkje] (PDF)

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bringebær
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.