Dronfield er ein by i grevskapet Derbyshire i England. Han har kring 21 500 innbyggjarar og ligg i dalen til den vesle elva Drone, mellom byane Chesterfield og Sheffield. Peak District nasjonalpark ligg 4-5 km mot vest. Dronfield er kjend i tida før Domesday Book frå 1086 og har ei soknekyrkje frå 1100-talet. I 1662 gav Karl II byen marknadsrettar, men dette vart sidan trekt attende. Industrihistoria til byen omfattar kolgruvedrift, ullhandel, ingeniørvitskap og produksjon av såpe og stål.

Dronfield

Dronfield bibliotek
Dronfield bibliotek
Dronfield bibliotek
Plassering
Dronfield is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Derbyshire
Distrikt North East Derbyshire
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

21 330
Koordinatar 53°18′N 1°28′W / 53.300°N 1.467°W / 53.300; -1.467
Diverse annan informasjon
Postnummer S18
Telefon-retningsnummer 0 1246
Commons har multimedium som gjeld: Dronfield

Kjelder

endre