Drontar
fuglefamilie
(Omdirigert frå Drontane)
- Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Drontar».
Drontane (Ráphidae) var eit fugleslag som høyrer til duefuglane, men som har døydd ut. Dette var store fuglar som ikkje kunne flyga, og som ikkje hadde særleg til felles med duer av i dag. Drontane var klumpete å sjå til og vanta venger. Dette gjorde dei så hjelpelause i møte med menneske at dei kunne fangast med berre nevane. Sidan kjøtet på dronten visstnok var godt på smak, vart dei utrydda av europearane. Det fanst tre artar drontar, og dei levde på øyar i Indiahavet nære Madagaskar. Alle tre artane vart utrydda etter at europeiske sjøfolk kom til øyane.
Dei tre artane var:
- Dronten (Rálphus cucullátus) som vog innpå 20-25 kg og levde på Mauritius. Siste eksemplar av arten vart drepen i 1681.
- Eremittfuglen eller reuniondronten (Ráphus solitárius) som levde på Réunion. Denne arten likna dronten på Madagaskar, men var kvitflekkete. Denne arten døydde ut i 1746.
- Solitærfuglen eller rodriguesdronten (Pezóphaps solitária) som levde på Rodriguez. Arten var litt mindre enn dei andre drontane. Siste solitæren døydde ikring 1790.
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Drontar