Druridge Bay
Druridge Bay er ei 11 km lang bukt i Northumberland i England, som strekkjer seg frå Amble i nord til Cresswell i sør. Northumberland Coast Country Park ligg ved bukta og delar av området er eigd av National Trust. Områda innanfor bukta er erklært naturreservat.
Druridge Bay | |||
bukt | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Del av | Nordsjøen | ||
Druridge Bay 55°16′44″N 1°34′01″W / 55.279°N 1.56708°W | |||
Wikimedia Commons: Druridge Bay |
Under den andre verdskrigen vart det bygd forsvarsverk rundt Druridge Bay som ein del av førebuingane mot ein inavsjon av Storbritannia. Dette omfatta murar og panservernsblokker, bunkersar og minefelt.[1]
I 1980-åra var det planar om å byggje eit atomkraftverk i området, men sterke protestar førte til at dette vart skrinlagt.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Druridge Bay» frå Wikipedia på engelsk, den 16. desember 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Foot, William (2006). Beaches, fields, streets og hills ... the anti-invasion landscapes of England, 1940. Council for British Archaeology. ISBN 1-902771-53-2.
- ↑ Foot, 2006, s. 199.
Bakgrunnsstoff
endre- Northumberland County Council om Druridge Bay Arkivert 2008-01-16 ved Wayback Machine.