Du Shenyan
Du Shenyan (646–708) var ein kinesisk diktar og embetsmann i Tang-tida. Han hadde fleire viktige stillinger i styringstida til keisarinne Wu Zetian, men var betre kjend i samtida som poet og kalligraf, og vert rekna som ein av grunnleggjarane av den poetiske stilen i Tang-tida.[1] Då keisarinna døydde vart han forvist til området som idag er Nord-Vietnam, men fekk snart koma attende til ein sinekyre i Luoyang. Røynslene frå tida i eksil kom likevel til å setja djupe spor i dikta han skreiv i seinare år.[1] Han var bestefar til den vidgjetne diktaren Du Fu.[1]
Du Shenyan | |
Verkeleg namn | kinesisk skrift 杜審言, pinyin Dù Shěnyán, Wade-Giles Tu Shen-yen |
Statsborgarskap | Tang-dynastiet |
Fødd | 645 Xiangyang |
Død |
708 |
Yrke | lyrikar, kalligraf, skribent, funksjonær |
Far | Du Yiyi |
Ektefelle | Lu Taijun |
Born | Du Xian, Du Shi |
Du Shenyan på Commons |