Dub-musikk

(Omdirigert frå Dubmusikk)

Dub er ein musikksjanger[1] som utvikla seg frå reggae i 1960-åra. Han er ofte rekna som ein undersjanger av reggae,[2] men kan også seiast å ha utvikla seg vidare enn opphavssjangeren.

Musikk innan sjangeren omfattar hovudsakleg instrumentale remiksar av tidlegare innspelingar.[3] Han blir utforma gjennom kraftig manipulering og omforming av desse, som regel ved å ta ut vokalane og vektleggja tromme- og basspartia - dette grunnsporet blir også kalla ein riddim. Andre teknikkar kan vera å leggja inn kraftige ekko, klang (reverb) og spreidd dubbing av vokal- eller instrumentalbitar frå den opphavlege versjonen eller andre verk. Dub var ei tidleg form av populær elektronisk musikk.[4]

Pionerar innan dub var Osbourne «King Tubby» Ruddock, Lee «Scratch» Perry, Errol «ET» Thompson[2] som saman med andre skipa sjangeren på slutten av 1960-talet. Ein annan pioner, Augustus Pablo, har fått æra for å ta i bruk melodika i dub. Utanfor danselokala eksperimenterte folk også på miksebord, til dømes av produsentane Clive Chin og Herman Chin Loy.[5] Desse produsentane, særleg Ruddock og Perry, såg på miksebordet som eit anna instrument som kunne manipulera spor til å bli noko heilt anna.

Dub har påverka mange andre musikksjangrar, som rock (særleg undersjangeren post-punk og andre former for punk[6]), pop,[7] hip-hop,[6] disco og dei seinare sjangrane house,[8] techno,[8] ambient,[8] elektronisk dansemusikk[9] og trip-hop.[8] Dub la grunnlaget for jungle og drum and bass.[10][11][12] Tradisjonell dub har overlevd, og ein del av pionerane, som Lee «Scratch» Perry og Mad Professor, har fortsett å laga nytt materiale.

Kjelder

endre
  1. A History of Rock Music: 1951–2000, s. 120
  2. 2,0 2,1 Dub: soundscapes and shattered songs in Jamaican reggae, s. 2
  3. Chris Roberts, Heavy Words Lightly Thrown: The Reason Behind Rhyme, Thorndike Press, 2006 (ISBN 0-7862-8517-6)
  4. Michael Veal (2013), Dub: Soundscapes and Shattered Songs in Jamaican Reggae, s. 26-44, "Electronic Music in Jamaica", Wesleyan University Press
  5. Larkin, Colin: The Virgin Encyclopedia of Reggae, 1998, Virgin Books, ISBN 0-7535-0242-9
  6. 6,0 6,1 Dub: soundscapes and shattered songs in Jamaican reggae, p.3
  7. Dub: soundscapes and shattered songs in Jamaican reggae, p.4
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 Dub: soundscapes and shattered songs in Jamaican reggae, p.1
  9. Roy Shuker (2012), Popular Music Culture: The Key Concepts, pages 117-118, Routledge
  10. Living through pop, s. 107
  11. Discographies: dance music, culture and the politics of sound, p.79
  12. Multi-Ethnic Britain 2000+: New Perspectives in Literature, Film and the Arts, p. 263
  • Denne artikkelen bygger på «Dub music» frå Wikipedia på engelsk, den 2. desember 2017.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • Du Noyer, Paul (2003). «Dub». The Billboard Illustrated Encyclopedia of Music. New York City: Billboard Books. s. 356–357. ISBN 0-8230-7869-8. 
      • Veal, Michael E. (2007). Dub: Songscapes and Shattered Songs in Jamaican Reggae. Middletown: Wesleyan University Press.
      • Cox and Warner, eds. Audio Culture: Readings in Modern Music. Continuum: 2004.[1] "Replicant: On Dub" by David Toop; Chapter 51, Pages 355–356.