Dufftown
Dufftown er ein liten by i regionen Moray i Skottland. Han har kring 1500 innbyggjarar. Han oppstod som ein landsby i mellomalderen, under namnet Mortlach. I 1817 vart han kraftig utvida av James Duff, og fekk nytt namn etter han.
Dufftown | ||
---|---|---|
skotsk-gælisk skotsk |
Baile Bhainidh Dufftoun | |
Klokketårnet i Dufftown | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | Skottland | |
Region | Moray | |
Tradisjonelt grevskap | Banffshire | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
1 454 | |
Koordinatar | 57°26′N 3°8′W / 57.433°N 3.133°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | AB55 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1340 | |
Dufftown omtaler gjerne seg sjølv som The Malt Whisky Capital og er eit godt utgangspunkt for whiskyturistar. Mange kjende whiskydestilleri er lokalisert like i nærleiken av Dufftown. Mellom dei Glenfiddich, The Macallan, Glenfarclas, Speyburn, Glenlivet, Cardhu med fleire. Dufftown har fleire butikkar, restaurantar, hotell, B&Bs, kiltbutikk og ein velassortert whiskyutsal.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dufftown» frå Wikipedia på bokmål, den 2. november 2011.
Bakgrunnsstoff
endre- Dufftown - The malt Whisky Capital Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine.