Dunnet Head (skotsk-gælisk Ceann Dùnaid) er ei halvøy med det nordlegaste punktet på fastlandet i Skottland. Punktet ligg i Caithness på nordkysten. Neset vert òg kalla Easter Head og ligg om lag 18 km vest-nordvest for John o' Groats og om lag 20 km frå Duncansby Head. Dunnet Head er òg den vestlege grensa for Pentland Firth på sørsida av fjorden.

Dunnet Head
halvøy
Land  Skottland
Kart
Dunnet Head
58°38′41″N 3°22′32″W / 58.644745°N 3.375652°W / 58.644745; -3.375652
Wikimedia Commons: Dunnet Head

Neset går frå Little Clett til munningen av Dunnet Burn i Dunnet Bay og nordover. Ein liten veg går langs denne lina og er den nordlegaste vegen på det britiske fastlandet.

Neset ligg aust for burgh Thurso og på ein klår dag kan ein sjå øyane Stroma i aust og Hoy og Orknøyane, 15 km mot nord, på andre sida av Pentland Firth.

Dunnet Head fyr endre

 
Fyret

Det står eit fyr på bergknausen på Dunnet Head. Dunnet Head er 105 meter over havet og vart bygd i 1831 av Robert Stevenson, bestefar til Robert Louis Stevenson.

Nær fyret står mindre festningsverk frå den andre verdskrigen som skulle verna marinebasen i Scapa Flow.

Kjelder endre