Robert Louis Stevenson

britisk poet og skribent

Robert Louis Stevenson (13. november 18503. desember 1894) var ein skotsk forfattar som mellom anna skreiv Skatten på sjørøverøya, Kidnappet og Dr. Jekyll og Mr. Hyde.

Robert Louis Stevenson
Robert Louis Stevenson by Henry Walter Barnett.jpg
Fødd 13. november 1850
Edinburgh
Død

3. desember 1894 (44 år)
Vailima, Samoa

Yrke lyrikar, essayist, romanforfattar, novelleforfattar, barnebokforfattar, skribent, låtskrivar
Sjanger eventyrroman, gotisk litteratur
Far Thomas Stevenson
Mor Matilde Margaret Isabella Stevenson
Ektefelle Fanny Stevenson
Robert Louis Stevenson på Commons

LivEndra

Robert var son av forretningsmannen og ingeniøren Thomas Stevenson og Margaret Balfour. Foreldra hans var svært religiøse, noko Robert tok avstand fra i ungdommen. Frå han var 18 år droppa han Balfour frå namnet sitt og forandra «Lewis» til «Louis» (men heldt på same uttale som Lewis), og byrja bruka dei kjende initialane RLS.

Frå han var liten leid han av tuberkulose, ein sjukdom som skulle forfølgja han heile livet. Mykje av barndommen og ungdomstida var han sengeliggjande, og han byrja etterkvart å skriva for å få tiden til å gå. Sjukdommen gjorde han for svak til å studera ingeniørfaget, slik far hans eigentleg ville. I staden valde han å studera jus, og blei ferdig utdanna advokat i 1875, 25 år gammal. Han praktiserte likevel aldri.

 
Heimen til Stevenson på Samoa.

Mellom anna på grunn av helseproblema var Robert ofte på reisefot, og han reiste blant anna til Frankrike, Belgia, Sveits, i det skotske fjellandskapet, i USA og til Stillehavet. Under ei reise i Frankrike møtte han den skilde amerikanske kvinna Fanny Osbourne, som han blei forelska i. Forholdet deira sjokkerte slektningane hans, særleg fordi ho var amerikansk, 10 år eldre enn han, fråskild og hadde to barn. Sonen hennar Lloyd Osbourne kom til å bli ein samarbeidspartnar for Stevenson. Trass protestane valde Robert Louis Stevenson å gifta seg med henne og drog til USA, ei reise som heldt på å ta livet av han, i 1879/1880. Ekteskapet med Fanny Osbourne fekk stor tyding for Robert Louis Stevenson. Utan hennar viljestyrke og markante personlegdom ville han neppe ha levd så lenge som han gjorde eller skrive såpass mange bøker som han gjorde.

Ikkje lenge etterpå reiste familien Stevenson til Europa og var vinteren i Davos. Under opphaldet skreiv Stevenson Skatten på sjørøverøya, som var meint som ei historie for den vesle stesonen Lloyd. I 1888 leide familien skonnerten «Casco» og la ut på ei reise til Stillehavet. Klimaet i Stillehavet hadde positiv påverknad på helsa til Robert, og dette førte til at dei slo seg ned på øya Samoa og danna residensen Vailima like ved hovudstaden Apia. For første gong i livet følte Stevenson korleis det var å leva utan sjukdom, men busetjinga førte også til at han blei isolert frå resten av verda. Frå byrjinga prøvde han å forstå kulturen og politikken i Polynesia, som igjen førte til ei rekkje bøker og at han vann stor respekt frå samoarane. Dei gav han tilnamnet Tusitala, «han som fortel soger». Vegen mellom Vailima og Apia blei laga av frivillige samoarar, i takksemd for innsatsen Stevenson gjorde ved å hjelpa nokre politiske fangar ut av fengsel. Vegen fikk tilnavnet Alo Loto Alofa, «vegen til dei elskande hjarta», og blei ferdig to månader før forfattaren døydde.

Robert Louis Stevenson døydde 44 år gammal av hjartesvikt, og blei gravlagd på fjellet Vaea. På grava hans står det:

Under the wide and starry sky
Dig the grave and let me lie
Glad did I live and gladly die
And I laid me down with a will
This be the verse you grave for me
Here he lies where he longed to be
Home is the sailor, home from the sea
And the hunter home from the hill.

ForfattarskapEndra

 
Portrett av Robert Louis Stevenson, måleri av G.P. Nerli, 1892.
 
Stevenson fotografert ca. 1870

Robert Louis Stevenson gjorde sitt første forsøk som forfattar då han var 16 år med den historiske stykket The Pentland Rising: A Page of History i 1866. Verket blei gjeve ut anonymt i eit lite opplag, påkosta av far hans. Forteljinga, som er følgd av fotnotar og referansar, tek for seg eit skotsk opprør i Pentland i 1666 mot engelsk undertrykking.

Deretter følgde reiseskildringar og essay før Stevenson slo gjennom som forfattar i 1883 med romanen Treasure Island (Skatten på sjørøverøya), som var inspirert av Robinson Crusoe, og handla om skattejakt og sjørøvarar. Han blei endå betre kjend med romanen Dr. Jekyll og Mr. Hyde, som er rekna som den første psykologiske thrilleren eller spenningsromanen. Dei historiske romanane hans følgjer tradisjonen som blei staka ut av landsmannen Walter Scott og blir framleis lesne, mellom anna Kidnappet (1886), Den svarte pil (1888), Herren til Ballantrae (1889), Catriona (1893) og den uferdige Weir of Hermiston (1896).

Stevenson skreiv innanfor dei fleste litterære sjangrar: skodespel, dikt, essay, litterær kritikk, litterær teori, biografi, reiselitteratur, reportasjar, romansar, røvarhistorier, fantastisk litteratur og noveller. Av alle desse blei særleg novelleforma omtalt som det som passa Stevenson best. Bruken av dialektar i bøkene hans førte til ei revitalisering av det skotske språket på 1900-talet. I dag er Stevenson likevel best kjend gjennom dei forkorta utgåvene av romanane sine som er tilpassa barn.

Stevenson henta mykje inspirasjon frå forfattarar som William Shakespeare, Walter Scott, Daniel Defoe, Mary Shelley, Alexandre Dumas, Robert Michael Ballantyne og Hans Christian Andersen. Sjølv inspirerte han andre forfattarar som Bram Stoker, Franz Kafka, Bjarne Reuter og Björn Larsson. Sistnemnde skreiv ein roman om livsløpet til Long John Silver, den kjende sjørøvarfiguren frå Skatten på sjørøverøya.

VerkEndra

(utval)

  • Travels with a Donkey in the Cevennes - På vandring med et esel i Cevennene (1879)
  • Treasure IslandSkatten på sjørøverøya (1883)
  • Kidnapped – Kidnappet (1886)
  • The Strange Case of Dr. Jekyll and Mr. HydeDr. Jekyll og Mr. Hyde (1886)
  • The Black Arrow: A Tale of The Two Roses – Den svarte pil (1888)
  • Master of Ballantrae – Herren til Ballantrae (1889)
  • The Wrecker – Mannen fra vraket (1892), saman med Lloyd Osbourne
  • The Beach of Falesá – På Falesás strand (1892)
  • Catriona – Catriona (1893)
  • The Ebb-Tide – På bunnen (1894), saman med Lloyd Osbourne

FilmarEndra

(utval)

  • Byron Haskin: Treasure Island (1950)
  • Ivan Passer: Kidnapped (1995)
  • Stephen Frears: Mary Reilly (1996) Filmen er basert på Dr. Jekyll og Mr. Hyde.

KjelderEndra