Dunning-Kruger-effekten
Dunning-Kruger-effekten er ein kognitiv bias – tankefeil eller vinkla røyndom – der personar som manglar kunnskapar og har dårlege evner på sosiale eller intellektuelle område, feilaktig overvurderer desse eigenskapane og evnene hjå seg sjølv.[1][2] Motsett får han også dei intelligente til å undervurdera sine eigne evner.[3] Til dømes kan ein over- eller undervurdera evnene sine i turn eller matematikk. Fenomenet fekk namnet sitt etter dei to amerikanske psykologane David Dunning og Justin Kruger som i ein artikkel i Journal of Personality and Social Psychology i 1999,[4] skildra korso «dei som er inkompetente vil ha lita innsikt i sin eigen inkompetanse». I ettertid har mange andre også teke i bruk og skildra denne effekten.[4]
Bakgrunn
endreMenneske har ein tendens til å ha ei overdriven sjon på sine eigne evner på mange sosiale og intellektuelle område.[1] Dunning og Kruger meinte dette skulda delvis at personar som var inkompetente på desse områda, også mangla metakognitive evner til å forstå at dei var sosialt og intellektuelt inkompetente.[1][5] Igjennom fire studiar fann Dunning og Kruger ut at deltakarane som tilhøyrde dei nedre 25 % på humor-, grammatikk- og logikktestar, grovt overvurderte testresultata og evnene sine.[1]
Fleire analysar har knytt denne feilvurderinga til defektar i dei metakognitive evnene hjå deltakarane eller kapasiteten til å skilja presisjon frå feil.[1] Når deltakarane i studiane fekk auka sosiale og intellektuelle evner, auka også deira metakognitive evner. Dette var med på å hjelpa deltakarane å sjå avgrensingane i eigne evner.[1]
Effekten fekk namnet sitt frå Justin Kruger og David Dunning som forska på effekten. Dei kom fram til tesane sine ved forsking ved Cornell University i New York City i 1999.[1]
Definisjon
endreI 2011 skreiv David Dunning om personar som har liten kompetanse, og som ikkje vedgår det sjølv etter å ha teke feil mange gongar, framleis meiner at dei har gode resultat. Dunning definerte denne effekten som: «dei som er inkompetente vil ha lita innsikt i sin eigen inkompetanse og dette har vorte kjent som Dunning-Kruger-effekten».[6] I 2014 skildra Dunning og Helzer korso Dunning-Kruger-effekten viste at personar med dålege resultat, ikkje var i stand til å kjenna igjen at prestasjonane deira ikkje strakk til.[7]
Utmerkingar
endreI år 2000 vart Dunning og Kruger tildelt den satiriske Ig Nobelprisen i psykologi for rapporten sin «Unskilled and Unaware of It: How Difficulties in Recognizing One's Own Incompetence Lead to Inflated Self-Assessments».[1][8]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 Kruger, Justin; Dunning, David (desember 1999). «Unskilled and unaware of it: How difficulties in recognizing one's own incompetence lead to inflated self-assessments.» (PDF). Journal of Personality and Social Psychology (på engelsk). Vol 77(6): 1121-1134. PMID 10626367. doi:10.1037/0022-3514.77.6.1121. Arkivert frå originalen (PDF) 26. juni 2013. Henta 9. april 2013.
- ↑ ERROL MORRIS (20. juni 2010). «The Anosognosic’s Dilemma: Something’s Wrong but You’ll Never Know What It Is (Part 1)» (på engelsk). The New York Times Company. Henta 12. september 2014.
- ↑ «Dunning–Kruger Effect», The Decision Lab (på engelsk), henta 27. mars 2023
- ↑ 4,0 4,1 DAVID DUNNING (27. oktober 2014). «We Are All Confident Idiots» (på engelsk). Pacific Standard and The Miller-McCune Center for Research, Media, and Public Policy. Henta 23. desember 2014. «In 1999, in the Journal of Personality and Social Psychology, my then graduate student Justin Kruger and I published a paper that documented how, in many areas of life, incompetent people do not recognize—scratch that, cannot recognize—just how incompetent they are, a phenomenon that has come to be known as the Dunning-Kruger effect. »
- ↑ «Dunning-Kruger effect | Definition, Examples, & Facts | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 27. mars 2023
- ↑ David Dunning (2011). «The Dunning–Kruger Effect: On Being Ignorant of One’s Own Ignorance». Advances in Experimental Social Psychology 44: 247–296. doi:10.1016/B978-0-12-385522-0.00005-6. «3.1. Definition. Specifically, for any given skill, some people have more expertise and some have less, some a good deal less. What about those people with low levels of expertise? Do they recognize it? According to the argument presented here, people with substantial deficits in their knowledge or expertise should not be able to recognize those deficits. Despite potentially making error after error, they should tend to think they are doing just fine. In short, those who are incompetent, for lack of a better term, should have little insight into their incompetence—an assertion that has come to be known as the Dunning–Kruger effect (Kruger & Dunning, 1999).»
- ↑ David Dunning og Erik G. Helzer (2014). «Beyond the Correlation Coefficient in Studies of Self-Assessment Accuracy: Commentary on Zell & Krizan (2014)». Perspectives on Psychological Science 9 (2): 126–130. doi:10.1177/1745691614521244. «In other words, the best way to improve self-accuracy is simply to make everybody better performers. Doing so helps them to avoid the type of outcome they seem unable to anticipate. Discerning readers will recognize this as an oblique restatement of the Dunning–Kruger effect (see Dunning, 2011; Kruger & Dunning, 1999), which suggests that poor performers are not in a position to recognize the shortcomings in their performance.»
- ↑ «Ig Nobel Past Winners». Arkivert frå originalen 30. august 2009. Henta 14. juni 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Dunning-Kruger-effekten» frå Wikipedia på bokmål, den 27. mars 2023.
Litteratur
endre- Justin Kruger, David Dunning: «Unskilled and unaware of it. How difficulties in recognizing one's own incompetence lead to inflated self-assessments», i Journal of Personality and Social Psychology (77), 6, 1999, s. 1121–1134.
- D. Dunning, C. Heath, J. M. Suls: Flawed self-assessment: Implications for health, education, and the workplace.In: Psychological Science in the Public Interest. Bind 5, 2004, s. 69–106.
- D. Dunning, K. Johnson, J. Ehrlinger, J. Kruger: Why people fail to recognize their own incompetence. i: Current Directions in Psychological Science. Bind 12, 2003, s. 83–87.
- J. Ehrlinger, K. Johnson, M. Banner, D. Dunning, J. Kruger: Why the unskilled are unaware: Further explorations of (absent) self-insight among the incompetent. In: Organizational Behavior and Human Decision Processes. Bind 105, 2008, s. 98–121.
- J. Ehrlinger, D. Dunning: How chronic self-views influence (and potentially mislead) estimates of performance. i: Journal of Personality and Social Psychology. Bind 84, 2003, s. 5–17.
- Mark Benecke: Lachende Wissenschaft: aus den Geheimarchiven des Spaß-Nobelpreises. Bastei Lübbe, 2005, ISBN 3-404-60556-X, s. 185–190.
Bakgrunnsstoff
endre- Mariam Rahmani. «Medical Trainees and the Dunning–Kruger Effect: When They Don't Know What They Don't Know» (på engelsk). National Library of Medicine. s. 532–534. doi:10.4300/JGME-D-20-00134.1.